Djabir Saïd-Guerni
Djabir Saïd-Guerni | |
Statsborgarskap | Algerie |
Fødd | 29. mars 1977 (47 år) Alger |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Aïssa Djabir Saïd-Guerni (fødd 29. mars 1977) er ein algerisk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 800 meter i 2003 og på same distansen vann VM-bronse i 1999 og OL-bronse i 2000.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Saïd-Guerni vart tredjemann på 800 m ved afrikameisterskapen 1998 i Dakar. Året etter vann han bronsemedaljen under verdsmeisterskapen i Sevilla og sølvmedaljen i afrikaleikane i Johannesburg. Den 3. september 1999 sprang han i Brussel sin snøggaste 800 meter nokon gong, klokka i måln på 1.43,09. I 2000-sesongen sigra han ved afrikameisterskapen på heimebane i Alger, før han under Sommar-OL i Sydney vann han ein ny bronsemedalje, slått med høvesvis åtte og to hundredels sekund av olympiameister Nils Schumann og sølvvinnar Wilson Kipketer. To år seinare forsvarte Saïd-Guerni afrikameistertittelen på 800 m i Alger.
Høgdepunktet for Saïd-Guerni kom i 800-metertevlinga under friidretts-VM 2003 i Paris. Inn mot målstreken kjempa han og russaren Jurij Borzakovskij og sørafrikanaren Mbulaeni Mulaudzi om gullmedaljen. Her lukkast Saïd-Guerni sikre seg gullet med ein margin på tre og ni hundredels sekund til dei nemnde utøvarane.
Saïd-Guerni nådde 800-meterfinalen både under Sommar-OL 2004 og friidretts-VM 2005, utan å kunne hevde seg i medaljestriden. Han la opp i 2007 etter fleire års skadeplagar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje på 800 m – 1.44,18
- OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje på 800 m – 1.45,16
- VM 2003 i Paris: Gullmedalje på 800 m – 1.44,81, framom Jurij Borzakovskij (1.44,84)
- OL 2004 i Aten: Nr 7 på 800 m – 1.45,61
- VM 2005 i Helsinki: Nr 5 på 800 m – 1.45,31
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Djabir Saïd-Guerni» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2018.
- «Djabir Saïd-Guerni» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1977
- Verdsmeistrar i friidrett for Algerie
- Mellomdistanseløparar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Algerie
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Algeriske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Algeriske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004