Diskusjon:Flamsk
Eg skal utvide denne artikelen meir i tida framover; men han treng litt opprydding først. Han som omsette denne forveksla dei nederlandske og dei flamske orda så ikkje sjå på mine endringar som vandalisme gjerne fordi eg er nybrukar ;) (For i Belgia seier vi hesp, regering, frieten osb, medan dei som er lista som flamske (ham, etc) er faktisk dei (nord)nederlandske Diederik 20. juni 2011 kl. 10:41 (CEST)
Oppdeling i fleire artiklar (fleirtyding)
[endre wikiteksten]Her tykkjer eg det kan vere lurast å lage om denne artikelen til ei fleirtydingssida (med kort forklaring over forskjellige tydingar), og så lage nye artiklar med dei åtskilte tydingane åt ordet 'flamsk'?
Flamsk kan vere:
- alt som har med Flandern å gjere, som vanlig adjektiv. Eg er flamsk, huset er bygd i flamsk stil, flamsk fisk; kanskje treng denne tydinga ikkje nokon eigen artikel.
Dette kan eigentlig også henvise til både gammal Flandern (provinsane Aust- og Vest-Fl), OG heile nord-Belgia i den nye forstand
- dialekta i provinsane Aust- og Vest-Flandern.
- eit breitt spekter av variantar innafor det nederlandske språket i Belgia, som i provinsane nemnt ovafor har preg av "dialekta" flamsk, men i dei andre provinsane er denne såkalla "flamsken" bygd på dialektene i desse provinsane (t.d. antwerpsk) og har altså **ingenting** å gjere med flamsken i §2;
Det er stort sett ei blanding av dialekt og skriftspråk (knoting, men utan den negative haldninga til det av folk flest som finst i Norig) og kvar ein talar bruker forskjellig grad/% av dialekt og % av 'bokmål' og er altså veldig flytande og individuell, likevel er det mykje å seie om det.
Eg ville først høyre fleire meiningar om oppdelinga og om det skulle gjerast til å begynne med, før eg kom i gang med dette...
- Oppdeling er ei mogleg løysing. Engelsk Wikipedia ser ut til å ta for seg alle dei språklege formene under Flemish, så slik kunne ein også gjera det. Adjektivet treng eigentleg ikkje si eiga side, me er inga ordbok. --Ranveig 20. juni 2011 kl. 13:30 (CEST)