Hopp til innhald

Diskusjon:Østfold fylke

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser at her og fleire andre stader er det nytta Austfold for Østfold. Er dette offisielt, eller nokons kampsak/kjepphest? --Ekko 22:52, 10 januar 2007 (CET)

Fylket heiter «Østfold» både på nynorsk og bokmål. Dette er akkurat det same som at dei som skriv bokmål skulle byrje å skrive «Sogn og Fjordene». --EIRIK\diskusjon 22:59, 10 januar 2007 (CET)
Einig. Ordboka er au einig, sjå [1] og [2] --KRISTAGAα-ω 23:20, 10 januar 2007 (CET)

Gjev meg ein god grunn til å ikkje skriva Aust, det kan sogar heite Aust på bokmål. Kva er galt med å yversetja geografinamn? Kva med Kappstaden, Det kvite fjellet, Panamakanalen, Balatonsjøen, Nord-Korea osv., då kan me vel yversetja bokmål ogso, men hava med det offisielle namnet med sum eg trur er Østfold

Til opplysing til den anonyme: Østfold blei vedteke av Odelstinget i 1918. Så vidt eg veit finst det ikkje nokon offisiell nynorsk form av namnet, veit nokon noko anna er det fint med ei kjelde. Hugs: Wikipedia er deskriptivt, ikkje normativt. Me skildrar det som er, ikkje det som burde vore. --Ekko 23:02, 10 januar 2007 (CET)
Dessutan: det er den som vil gjera endringa som skal komma med den gode grunnen. --Ekko 23:08, 10 januar 2007 (CET)
Men ein kan jo yversetja nomn, spesielt når dei hev ei so klår meining.
Kva ein gjør privat er det same, men vi har blitt einige om å fylgje ordbøkene her og difor bare «Østfold». --KRISTAGAα-ω 23:20, 10 januar 2007 (CET)
Nei, anonym, ein gjer ikkje det. Den administrative eininga har eit vedteke namn og det er det me nyttar. Dette er ikkje plassen for demonstrasjonar. Den som les oss skal kunna lite på oss. --Ekko 23:24, 10 januar 2007 (CET)
Det er jo fleire stader ein yverset so ein veit kva det tyder, sjølv om det ikkje er offisielt.
Offisielle norske namn? Døme takk! Og trur du verkeleg folk har problem med å skjøna "øst"? --Ekko 23:31, 10 januar 2007 (CET)
Vel, det er vel kanskje lett å forstanda ØST, men det yversetjast utanlandske nomn, og bokmål er ikkje same språk som nynorsk, difor burde ein kunna yvarsetja det ogso. Berre i ein parantes der det stend nokot slikt: (Tyder Austfold), ("Austfold") eller (Bokmål for Austfold) Eller nokot lignande. Dette er teke frå bokmål wikipedia: "Westfalen («Vestfold») "
bokmål er ikkje same språk som nynorsk, neivelnei. No tar eg kvelden. --Ekko 23:55, 10 januar 2007 (CET)
God natt.
Me omset ikkje så mykje av utanlandske namn heller. Så lenge originalnamna vert skrive med same alfabetet/teinksystemet som norsk har me det med å skrive dei slik dei innfødde skriv dei, og når det er namn frå meir framande språk plar det verte brukt offisiell transkribering, ikkje gjendikting av namnet.
Ei anna sak er å ha ein bolk om kva namn på stader tyder/namnesoge eit stykke ned i artikkelen, det gjev meining. Når ein skal forklare kva fold kjem av klarar ein sikkert å få med både aust og vest i same slengen.
Me har gode grunnar for å vilje bruke offisielle namn på Wikipedia. Ein av dei er at Wikipedia kjem til ved konsensus, og at å ha slike diskusjonar ved kvart høve står i vegen for arbeidet med fleire og betre artiklar.--Jorunn 00:10, 11 januar 2007 (CET)