Devil World
Devil World | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo Research & Development 1 | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Design(ar) | Shigeru Miyamoto | ||
Komponist(ar) | Koji Kondo | ||
Plattform(er) | Nintendo Entertainment System | ||
Utgjeving | JP: 5. oktober 1984 EU: 15. juli 1987 | ||
Sjanger | Labyrint | ||
Spelemodus | fleirspelar, einspelar |
Devil World[a] er eit labyrintspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Famicom i Japan den 5. oktober 1984 og til Nintendo Entertainment System i Europa den 15. juli 1987, og utgjeve på nytt til Wii Virtual Console i Japan den 22. januar 2008 og i PAL-regionar den 31. oktober 2008. På grunn av dei strenge retningslinjene til Nintendo of America om å ikkje vise religiøse ikon i dataspel, vart spelet ikkje utgjeve i Nord-Amerika.
Devil World er det første spelet Shigeru Miyamoto utvikla for konsoll, etter å ha arbeidd med arkadespel tidlegare, og det einaste spelet hans som ikkje er lokalisert til Nord-Amerika.[1] Spelet har fleire likskapstrekk med Pac-Man, og vart i 2010 rangert av IGN som nummer fire av topp 10 Pac-Man-klonar.[2]
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Devil World (デビルワールド Debiru Wārudo )
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Devil World» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2020.
- ↑ Nakago, Toshihiko; Tezuka, Takashi (13. november 2009). New Super Mario Bros.: Volume 2. Iwata Asks. (Interview). Nintendo. Henta 22. august 2020.
- ↑ Levi Buchanan (4. mars 2008). «Top 10 Pac-Man Clones». IGN. Henta 27. april 2010.