Det veslepolske høglandet
Utsjånad
Det veslepolske høglandet (polsk Wyżyna Małopolska) er eit høgland i den sørlege delen av Polen, som strekkjer seg frå den øvre delen av elva Wisła mellom Krakow og Sandomierz og nordvestover til regionen Tomaszow Mazowiecki og Radomsko. Den gjennomsnittlege høgda er 200 til 400 meter over havet og den høgaste toppen er Łysica i Świętokrzyskiefjella (612 moh). Av store byar på Det veslepolske høglandet finn ein Kielce, Ostrowiec Swietokrzyski og Skarzysko-Kamienna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lesser Poland Upland» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- nature.poland.pl Arkivert 2011-10-01 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: