Det første meksikanske keisardømet
Imperio Mexicano | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Hovudstad | Ciudad de México | ||||
Språk | Spansk | ||||
Religion | Katolisisme | ||||
Styreform | Konstitusjonelt monarki (keisarrike) | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 1822 | ||||
- Opphøyrde | 1823 |
Det første meksikanske keisardømet (spansk El Primer Imperio Mexicano) var monarkiet i Mexico i åra 1821-1823. Det oppstod etter Den meksikanske sjølvstendekrigen. Keisarriket eksisterte berre i 18 månader, frå 21. juli 1822 til 19. mars 1823, og hadde berre ein keisar, Agustín de Iturbide. Landområda til riket omfatta den kontinentale delen av det tidlegare spanske visekongedømet Nueva España, inkludert området styrt av generalkapteinen av Guatemala.
Etter sjølvstendeerklæringa 27. september 1821 hadde det meksikanske parlamentet som intensjon å oppretta eit samvelde der kongen av Spania, Ferdinand VII, også ville vera keisar av Mexico, men begge landa skulle ha sine eigne lovar og lovgjevande forsamlingar. Om kongen nekta å ta imot tilbodet, sørga loven for at eit medlem av Bourbon-familien kunne overta den meksikanske trona. Kong Ferdinand nekta å anerkjenne sjølvstendet til Mexico, og sa at Spania ikkje ville tillata at nokon annan europeisk prins overtok den meksikanske trona. Etter forslag frå parlamentet blei dermed meksikanaren Agustín de Iturbide keisar av Mexico.
Då keisarriket braut saman blei Mexico ein republikk, medan Sentral-Amerika braut ut og danna ein ny stat, Den mellomamerikanske føderasjonen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Det første meksikanske keiserriket» frå Wikipedia på bokmål, den 30. august 2019.