Deluxe Ski Jump
Deluxe Ski Jump | |||
| |||
Sjanger | Skihoppsimulator | ||
---|---|---|---|
Utviklar(ar) | Mediamond, Jussi Koskela | ||
Fyrste spel | Deluxe Ski Jump, 1999 | ||
Siste spel | Deluxe Ski Jump 4, 2011 | ||
Nettstad | https://www.mediamond.fi/ |
Deluxe Ski Jump er ein serie videospel med simulering av skihopping, gitt ut av det finske selskapet Mediamond, utvikla av Jussi Koskela.
Serien består av fire spel for DOS og seinare Windows, publiserte mellom 1999 og 2011, og blir framleis oppdaterte.
Spela går i hovudsak ut på å hoppe lengst, få høgast stilpoeng, og setje lengderekordar i konkurranse med opptil 16 medsspelarar rundt same maskin, eller fiktive datasimulerte konkurrentar med ulike dugleiksnivå. Spelaren kontrollerar hopparen sin sats, flytestilling og nedslag. Bakkane varierar frå små 50-metersbakkar til store skiflygingsbakkar med enkelt simulert vær- og vindforhold som pregar hoppets kvalitet.
Dei første to spela er 2D-grafikk, det tredje og fjerde spela utvida til tre dimensjonar og meir realistiske forhold.
Spelserien var svært populær på byrjinga av 2000-talet med utbreiinga av personlege datamaskiner i private heimar og i skulevesenet. I dag er det spesielt stort i Tsjekkia og Polen, spelarar derfrå innehar flesteparten av rekordane i dei nyaste versjonane av spela.
Deluxe Ski Jump
[endre | endre wikiteksten]Utgitt i 1999 for DOS. Jussi Koskela laga spelet fordi han sakna spelet Winter Games på Commodore 64[1]. Spelet fekk etter kvart 16 bakkar, ei utviding frå dei opphavlege åtte. Saman med det andre spelet i serien blei det eit populært shareware-spel, og piratkopiar blei sendt rundt på e-post og diskettar på tidleg 2000-tal, hjulpe fram av låge maskinkrav og små filstørrelser[2].
Deluxe Ski Jump 2
[endre | endre wikiteksten]Utgitt i 2000 for DOS, og var i hovudsak ei oppgradering av det første spelet, no med 32 fiktive bakkar, både frå store hoppnasjonar og meir usannsynlege stader, som 250-metersbakken i Australia. Det var etter denne utgivinga at utviklar Jussi Koskela oppretta selskapet Mediamond, som framleis er den aktiv utviklaren av spelserien. I 2005 uttalte King Midas-trommis Tomas «Louie» Peterson at dette var hans favorittspel[3]. I 2020 vart det tilgjengeleg for Android-einingar, og i 2022 for IOS-einingar.
Deluxe Ski Jump 3
[endre | endre wikiteksten]Utgitt i 2004, for Microsoft Windows. Det tredje spelet i serien utvida spelet til tre dimensjonar, og har etter kvart fått 40 bakkar. Spelet tilførte også funksjonar for speling og utveksling av rekordar over nett.
Deluxe Ski Jump 4
[endre | endre wikiteksten]Utgitt i 2011, for Microsoft Windows. Frå dette spelet tok serien i større grad utgangspunkt i ekte skibakkar, med no 24 bakkar med reelle motstykker i den verkelege verda, til dømes Lysgårdsbakkane i Lillehammer. Etter ei oppdatering der spelarar kan legge til eigne bakkar er det no over 1000 bakkar tilgjengelege på nettet[4]. I etterkant av denne utgivinga var spelserien også populært som tidsfordriv blant unge norske skihopparar[5]. Spelet får framleis tilført nytt innhald, seinast med ny versjon i februar 2023[6].
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Øyvind Jacobsen (15. januar 2000). «Nå kan du selv redde den norske hoppsportens ære». Rogalands Avis: 22. «Finnen Jussi Koskola savnet oppdaterte versjoner av favorittspillet Winter Games fra tiden da Commodora 64 var det heteste. Derfor har han laget spillet «Deluxe Skijump» på gutterommet.»
- ↑ Myklebust, Håvard (26. januar 2005), «RTL Skispringen 2005», Bergensavisen (på norsk), henta 20. desember 2023
- ↑ Dagbladet (22. april 2005). «Tomas «Louie» Peterson er trommis i King Midas, som nylig har gitt ut den glimrende skiva «The Jaguars»». «- Hva er ditt favorittspill, og hvorfor? - Litt sykt det her, men det er faktisk «Deluxe Ski Jump» - før det ble 3D.»
- ↑ «DSJ24.PL», dsj24.pl, henta 20. desember 2023
- ↑ Lars Andreas Ellingsgard Øverli, Martin Slottemo Lyngstad og Aleksander Andersen (12. mai 2012). «Johann ser fremover». Adresseavisa. «Han ler av det nå, når han sitter hos klassekompisen og spiller Deluxe ski-jump på tv-en, etter å ha feiret helgestarten med biff og pizza. De virtuelle hopperne har orkan imot, og blir smadret når de endelig lander på sletta. Virkeligheten er annerledes, heldigvis.»
- ↑ «Mediamond - DSJ4 Downloads», www.mediamond.fi, henta 20. desember 2023