Hopp til innhald

Dei baltiske songfestivalane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Songfestivalen i Tallinn i 2014.

Dei baltiske songfestivalane (estisk laulupidu, latvisk dziesmu svētki, litauisk dainų šventė) er musikkarrangement som finn stad i Estland, Latvia og Litauen. Festivalane blei førte opp på UNESCO si liste over viktig immateriell verdsarv i 2003.

Den fyrste baltiske songfestivalen fann stad i Tartu i Estland i 1869. Latvia følgde etter i 1873 med Den alminnelege latviske songfestivalen. Litauen heldt sin fyrste nasjonale songfestival i 1924.[1]

Vekst og fall etter verdskrigane

[endre | endre wikiteksten]

Då dei baltiske statane blei frigjort frå Russland etter fyrste verdskrigen vann festivalane popularitet og status som uttrykk for den baltiske kulturen. I samtlege tre statar blei det arrangert songfestivalar av ulike slag. Etter andre verdskrigen blei landa innlemma i Sovjetunionen, og formålet til festivalane blei omgjorde til å tene den kommunistiske ideologien.[1]

Den syngande revolusjonen i 1987–1991

[endre | endre wikiteksten]
Den baltiske vegen i Litauen i 1989.

«Den syngande revolusjonen» er ei nemning for prosessen som førte til at dei tre baltiske statane lausreiv seg frå Sovjetunionen. Omgrepet blei skapt av den estiske kunstnaren og aktivisten Heinz Valk. Omgrepet blei fyrste gong brukt i ein artikkel publisert etter den syngande massedemonstrasjonen på songarfeltet i Tallinn frå 10. til 11. juni 1988.[2] Den baltiske kjeda var også del av den syngande revolusjonen. Den 23. august 1989 heldt anslagsvis 1–2 millionar menneske hender i ei kjede, som strekte seg langs heile Baltikum, frå Tallinn i nord til Vilnius i sør. Demonstrantane kravde offentleggjering av dei hemmelege delane av Molotov-Ribbentrop-pakta, som la desse tre statane til interesseområdet til Sovjetunionen.[3]

Dei enkelte landa

[endre | endre wikiteksten]

Dei baltiske songfestivalane blei per 2024 haldne kvart femte år. Den estiske songfestivalen (üldlaulupidu) blei arrangert i Tallinn, og skulle bli arrangert i 2025. Den litauiske songfestivalen blei arrangert i juni 2024, medan den latviske songfestivalen skal haldast i 2028.[4][5][6]

I 2003 blei dei baltiske songfestivalane førte opp på UNESCO si lioste over viktig immateriell verdsarv.[7]

  1. 1,0 1,1 «UNESCO - Baltic song and dance celebrations». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 29. april 2024. 
  2. Vogt, Henri (2005). Between Utopia and Disillusionment: A Narrative of the Political Transformation in Eastern Europe (på engelsk). Berghahn Books. s. 26. ISBN 1-57181-895-2. 
  3. «The Baltic Way» (på engelsk). Arkivert frå originalen 25. juli 2013. Henta 10. mai 2019. 
  4. «Baltikumreisen | Sängerfeste im Baltikum». www.baltikumreisen.de. Henta 30. april 2024. 
  5. «2024 Celebration dates confirmed - Lithuanian Song Celebration». www.dainusvente.lt. Henta 29. april 2024. 
  6. «Baltikumreisen | Sängerfeste im Baltikum». www.baltikumreisen.de. Henta 29. april 2024. 
  7. The Baltic Song and Dance Celebrations. UNESCO Intangible Cultural Heritage, 2008.