Hopp til innhald

De Mysteriis Dom Sathanas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
De Mysteriis Dom Sathanas
Studioalbum av Mayhem
Språk engelsk
Utgjeve 24. mai 1994
Innspelt Grieghallen
September 1992-1993
Sjanger Svartmetall
Lengd 46:01
Selskap Deathlike Silence
Century Black
Produsent Pytten
Euronymous
Jan Axel Blomberg
Kritikk
Mayhem-kronologi 
Live in Leipzig
(1993)
De Mysteriis Dom Sathanas Dawn of the Black Hearts
(1995)
Studioalbum-kronologi
Live in Leipzig
(1984)
De Mysteriis Dom Sathanas Out from the Dark
(1996)


De Mysteriis Dom Sathanas er det andre studioalbumet til det norske svartmetallbandet Mayhem. Arbeidet med albumet starta allereie i 1987, men grunna sjølvmordet til Pelle Yngve Ohlin (Dead) og mordet på gitaristen Øystein Aarseth (Euronymous) vart ikkje plata utgjeven før i mai 1994. Albumet er internasjonalt kjent, og vert rekna som eit av dei mest innverknadsrike og influerande svartmetallalbuma i æve.[treng kjelde]

Songen «From the Dark Past» vart opphavleg kalla «Materialized in Stone», men måtte endrast på grunn av at namnet blei brukt av Marduk på plata Opus Nocturne eit par månader før De Mysteriis Dom Sathanas.

Nr.TittelLengd
1.«Funeral Fog»5:47
2.«Freezing Moon»6:22
3.«Cursed in Eternity»5:10
4.«Pagan Fears»6:21
5.«Life Eternal»6:57
6.«From the Dark Past»5:27
7.«Buried by Time and Dust»3:34
8.«De Mysteriis Dom Sathanas»6:22

Tittel og omslag

[endre | endre wikiteksten]

Tittelen De Mysteriis Dom Sathanas er eit uttrykk på latin som Euronymous omsette «Herre Satans Løynlege Skikkar», men ordrett vert det noko som «Herre Satan om mysterium». Plateomslaget er svart, og viser austsida av Nidarosdomen i Trondheim i lilla eller blått.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]