Dazhou
Dazhou (forenkla kinesisk: 达州; tradisjonell kinesisk: 達州; pinyin: Dázhōu) er eit byprefektur heilt nordaust i provinsen Sichuan i Kina, med grense mot provinsen Shaanxi i nord og mot Chongqing i aust. Byprefekturet har eit areal på 16 591 km², folketalet vart i 2007 berekna til 6,63 millionar.
Byprefekturet Dazhou omfattar eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og fem fylke (县 xiàn).
Næring
[endre | endre wikiteksten]Dazhou har store gassfelt og mineral-ressursar som salt, kol, mangan, litium og kalkstein. Viktigaste varene frå landbruket er flesk, storfekjøt og te. Kjemisk produksjon, kolkraft, metallurgi, tekstilindustri, byggematerialar er andre viktige næringsgreiner.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 210 går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing, Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dazhou» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Dazhou» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2012.