Dag Bjørndalen
Dag Bjørndalen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. april 1970 (54 år) Drammen kommune |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay |
Dag Bjørndalen (fødd 2. april 1970) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Modum som vann VM-gull i lagøvinga i 1995 og tre medaljar i 4 x 7,5 km stafett i åra 1997-99. Han er storebror til Ole Einar Bjørndalen og medlem av Simostranda Idrettslag.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Dag Bjørndalen deltok under VM i skiskyting 1995 på det norske laget som vart verdsmeister i lagtevlinga; Frode Andresen, Halvard Hanevold og Jon Åge Tyldum var dei andre på laget.
Bjørndalen hadde sin styrke på standplass og deltok i alle meisterskapsstafettane i åra 1996-99. Han gjekk tredjeetappen 1996-98 og veksla då vidare til broren Ole Einar som alle desse sesongane avslutta for Noreg til høvesvis fjerdeplass i 1996, VM-sølv i 1997, OL-sølv 1998 og VM-bronse i 1999.
Bjørndalen vart nummer ti på 20 km under vinterleikane 1998 i Nagano, hans beste individuelle plassering i eit meisterskapsrenn. Tidlegare i same sesongen tok han andreplassen i ein 10 km på Lillehammer, hans einaste pallplass i eit verdscuprenn. Han enda som tolvtemann i verdscupen i skiskyting 1998.
Under noregsmeisterskapen i Tana i 1999 vann Bjørndalen både 10 km og 20 km.
Etter 1999-sesongen makta Bjørndalen ikkje å hamle opp med den ypparste verdseliten. Han la opp etter 2004-sesongen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar.
- Denne artikkelen bygger på «Dag Bjørndalen» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mars 2016.