DS «Lofoten» (1873)
DS «Lofoten» før namnebytet i 1894. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Lofoten» |
Verft: | Bergen Mek. Verksted i Bergen |
Byggekostnad: | 52 000 spesidalar |
Verftsnummer: | 28 |
Sjøsett: | 1873 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | JPMC |
Lagnad: | Opphogd 1927 |
Generelle mål | |
Type: | Passasjer- og lasteskip |
Tonnasje: | 687 brt, 419 nrt |
Daudvekt: | 420 tdw |
Lengd: | 54,7 m |
Breidd: | 7,8 m |
Djupgang: | 6,7 m |
Installert effekt : | 110 NHk |
Framdrift: | 2cyl. Comp. (BMV) |
Fart: | 10,25 knop |
Passasjerar: |
1: 22 passasjerar 2: 20 passasjerar |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Vesta» |
Eigar: | BDS |
Omdøypt: | September 1894 |
Heimehamn: | Bergen |
Generelle mål etter ombygging i 1894 | |
Tonnasje: | 688 brt, 419 nrt |
Daudvekt: | 458 tdw |
Installert effekt : | 127 NHk |
Framdrift: | Triple 3cyl. |
Fart: | 10,25 knop |
Karriere | Polen |
Namn: | DS «Trogl» |
Eigar: | Sarmacaja Steamships Co. Ltd. |
Kjøpt: | 22. november 1922 |
Heimehamn: | Danzig |
Karriere | Polen |
Namn: | DS «Bug» |
Omdøypt: | 1923 |
DS «Lofoten» (kallesignal JPMC) var eit dampskip bygt i 1873 som passasjer- og lasteskip og som det åttande skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted som det 28. bygget deira og kosta 52 000 spesidalar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]DS «Lofoten» vart sett inn i rute nordover til Nord-Norge. Frå sommaren 1884 gjekk skipet inn i turistfart med to vekentlege ruter mellom Trondheim og Nordkapp i juni og juli. Rutene vart sidan utvida til Bergen.
I september 1894 vart «Lofoten» ombygd med litt større lastekapasitet og ny motor, og vart samstundes omdøypt «Vesta».
I 1906 havarerte «Vesta» ved Drøbak.[1] I 1915 vart skipet bygd om til eit reint lasteskip og passasjerinnreiinga vart fjerna.
Etter første verdskrigen opna fart til Austersjøen seg som ein potensiell marknad for BDS. Dei inngjekk avtale med britiske Walford Baltic Transports og det polske Sarmacaja. Saman med Walford oppretta BDS selskapet Bergenske & Walfort Baltic Transports i London i 1921, men alt i 1922 vart Walford løyst ut slik at det vart Bergenske Baltic Transports. Samstundes overtok Bergenske 45 % av aksjane i Sarmacaja, som så vart bygd opp til eit reiarlag med seks skip. Eit av desse seks skipa var gamle «Vesta», som 22. november 1922 vart overført til Sarmacaja Steamships Co. Ltd. i Polen og fekk heimehamn i Danzig. Det vart då omdøypt «Trogl», før det året etter fekk namnet «Bug». I 1927 vart skipet opphogd.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Andre fartøy som heiter «Lofoten».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 4–19.
- ↑ «D/S Lofoten». Sjøhistorie.no. Henta 1. mai 2019.