Christian Thommessen
Christian Thommessen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. november 1957 (67 år) |
Yrke | forretningsdrivande |
Mor | Anette Thommessen |
Christian Henrik Thommessen (fødd 30. november 1957) er ein norsk siviløkonom og finansmann fødd i Oslo. Han er son av Anette Thommessen og bror til Olaf Thommessen. Han er gift med Cathrine Thommessen og har tre døtrer.
Thommessen vart fyrst kjend gjennom børseventyret til Media Vision på 1980-talet, men han har òg vore direktør i Norsk Hydro, IBM og Glamox.
Etter at utanriksminister Jonas Gahr Støre hadde arbeidd for kandidaturet hans, vart han sommaren 2006 direktør i FN sitt utviklingsprogram, UNDP, der han skal drive med utvikling av forretning i dei minst utvikla landa i UNDP-satsinga «Growing Sustainable Business».
Rett før han skulle flytte til New York med familien sin sommaren 2006, vart han innblanda i ei båtulukke i Lillesand, der både han og kona vart skadde. Han tilstod i etterkant å ha hatt promille under båtturen. Seinare godtok han ei bot på 50 000 kroner for dette.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Christian Thommesen» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 23. desember 2009.
- Store Norske Leksikon om Thommessen.
- Dagbladet, 15.08.06: Thommessen beklager promillekjøring.