Hopp til innhald

Byen Oldenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Oldenburg.
Oldenburg
Ollnborg
by
Vakthuset og Lambertikirche i Oldenburg.
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Region Arnsberg
Landkreis Kreisfri by
Del av Bremen/Oldenburg Metropolitan Region
Høgd m
Areal 103,09 km²
Folketal 174 629 (31. desember 2023)
Først nemnd i 1108
Postnummer 26001–26135
Retningsnummer 0441
Bilnummer OL
Kart
Byen Oldenburg
53°08′38″N 8°12′50″E / 53.143888888889°N 8.2138888888889°E / 53.143888888889; 8.2138888888889
Wikimedia Commons: Oldenburg (Oldenburg)

Oldenburg (plattysk Ollnborg) er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 180 000 innbyggjarar. Byen ligg i vest i delstaten mellom byane Bremen og Groningen i Nederland ved elva Hunte. Byen er den fjerde største i delstaten etter Hannover, Braunschweig og Osnabrück. På tysk er byen offisielt kalla Oldenburg (Oldenburg) eller Oldenburg (Oldb) for å skilje han frå Oldenburg i Schleswig-Holstein.

Oldenburg Slott.

Byen vart først nemnd i 1108, då som Aldenburg. Han vart viktig fordi han låg ved ein vadestad over elva Hunte. Oldenburg vart hovudstad i Grevskapet Oldenburg (seinare hertugdøme, storthertugdøme og republikk), ein liten stat i skuggen av den mykje meir mektige hansabyen Bremen.

På 1600-talet var Oldenburg ein rik by i ei tid med krig og uro, og folketalt auka ein god del. I 1667 vart byen råka av ein katastrofal pest og kort tid etter øydela ein storbrann byen. Dei danske kongane, som vart hertugar av Oldenburg på denne tida, var ikkje særleg interessert i forholda i her og han vart mindre og mindre viktig. I 1773 enda det danske styret, og det var først då dei øydelagde bygningane vart bygd opp att i ein neoklassistisk stil.

I 1893 opna ein kanal mellom Hunte og elva Ems og hamna i Oldenburg vart forbunde til Nordsjøen, noko som kraftig betra dei økonomiske forholda i byen.

I 1945 etter den andre verdskrigen voks Oldenburg til meir enn 100 000 innbyggjarar då flytningar emigrerte til byen, som berre svakt råka av dei allierte sine bombetokt. I 1946 vart Oldenburg ein del av den nye tyske delstaten Niedersachsen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Byen Oldenburg