Hopp til innhald

Brukar:Roarjo/Fotografiske bilete i Wikipedia-artiklar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på bilete på Commons. Copyright © Jean Tosti 09/2004

Fotografiske bilete i Wikipedia-artiklar seier litt om kva bilete vi kan nytte i artiklane og kva lisens som kan nyttast. Nær form av ein Ofte Stilte Spørsmål OSS. Inneheld oppsummeringar og konklusjonar av diskusjonar har gått føre seg, eigne tolkingar. Her er ingen juss.


Under arbeid. Kommenter eller rett gjerne i teksten under.


Definisjonar

[endre | endre wikiteksten]
Bilete «i det fri» Motsvarar engelsk Public Domain, bilete som ikkje omfattast av opphavsrett. Kan distribuerast og nyttast ikkje-kommersielt og kommersielt.
CC Kort form av Creative Commons, ein organisasjon som lagar lisensar som kan gjere det enkelt å dele kreativt arbeid med andre. Kortnamn for slike lisensar har forma CC-aa-bb-nn. Ikkje alle kan nyttast i Wikimedia-prosjekt.
Commons Eigentleg WikiCommons er kort namneform for Wikimedia-prosjektet Wikimedia Commons.
Fritt bilete Bilete som både kan distribuerast, endrast og nyttast ikkje-kommersielt og kommersielt, ein fotograf har alltid opphavsretten.
GFDL Kort form av GNU Free Documentation License, lisens for fritt innhald laga av Free Software Foundation
GFDL-kompatibel lisens Ein lisens som ikkje set strengare restriksjonar på å nytte eit bilete enn det GFDL gjer
Opphavsretten Frå åndsverkloven §1: gir innen de grenser som er angitt i denne lov, enerett til å råde over åndsverket ved å fremstille varig eller midlertidig eksemplar av det og ved å gjøre det tilgjengelig for almenheten, i opprinnelig eller endret skikkelse, i oversettelse eller bearbeidelse, i annen litteratur- eller kunstart eller i annen teknikk. Definisjonen gjeld berre åndsverk, men vi kan bruke den her om einerett for fotografiske bilete utan store feil. Grensedraging mellom verk og fotografiske bilete er omstridt, sjå [1].

Utgangspunktet

[endre | endre wikiteksten]

Utgangspunktet er at nynorsk Wikipedia som alle andre delprosjekt i Wikimedia Foundation skal følgje rammene som er sett av dei som har ansvar for utgjevinga. Aktuelt stoff finn ein i

Dessutan er dei som sit i Noreg bunden av norske lovar, åndsverkloven er sentral. Eit utgangspunkt for handsaming av bilete av norske wikepedantar må vere den respekt for bilete som er oppnådd i loven.

Problemstillingar

[endre | endre wikiteksten]

Bilete er ingen føresetnad for å lage ein god artikkel. Bruk av bilete som andre har teke vil ofte ha uklare juridiske implikasjonar. Men treng ein eit bilete finn ein oftast eit høveleg eit på Commons. Der er òg lenkjer til nettstader for å søke fram andre fri bilete på nettet.

Sit ein sjølv på eit bilete som ein vil nytte, sjå om framgangsmåte i teksten under.

Eg har eit bilete, kvar skal eg laste opp fila?

[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har oppgåva med å lagre og administrere alle mediefiler som alle andre Wikimedia-prosjekt gjer bruk av. Programvaren for Wikipedia er samordna med Commons: ein artikkel på nynorsk Wikipedia som refererer til ei fil på Commons hentar ho fram utan at ein treng å seie at ho ligg der berre med å bruke filnamn. Føremona for oss er at administratorar i Commons-prosjektet i stort mon tar seg av vurderingar knytt til opphavsrett og bruksrett.

Arbeid av andre, kva kan brukast?

[endre | endre wikiteksten]

Alle fri bilete og alle bilete «i det fri» kan brukast. Det må ikkje vere restriksjonar på distribusjonar, derivat eller kommersiell bruk. Løyve må ikkje vere avgrensa til nettbruk.

Commons-prosjektet tillet også bilete frå nettstader som Stock.xchng og andre som ikkje har ein standard lisens. Sjå commons:Commons:Stock.xchng images. Ein må altså sjekke kvart bilete og kontrollere at fotografen ikkje set nokon restriksjon på bruk. Om fotografen til dømes krev varsling ved kommersiell bruk kan ikkje bilete nyttast i Wikimedia - Wikipedia.

Motsett: Ein ønskjer å nytte bilete som er andre folk sitt arbeid, som dei har gjeve lisens på som er nesten fri, men ikkje utanfor Wikipedia, ikkje til kommersielt bruk. Bruk av eit slikt bilete vil vere brot på hovudprinsippet til Wikimedia Foundation (pdf-fil), slike bilete kan ikkje lastast opp på nokon tenarmaskin i Foundation systemet. Eksempel på lisensar som er umulige i Wikipedia er cc-nc-sa. Finn anna bilete.

Arbeid av andre, pressebilete

[endre | endre wikiteksten]

Ein ønskjer å nytte pressebilete frå eit eller anna norsk føretak som dei hevdar er heilt frie. Det er to spørsmål som må svarast på:

  • meiner føretaket at bilete kan nyttast også utanfor Wikipedia og også kommersielt? Ofte vil dei vegre seg mot kommersiell bruk om ein spør direkte
  • svarar dei på vegne av personen som har opphavsretten? Har dei løyve frå fotografen til å la andre nytte biletet? Har dei kanskje rota vekk fotografnamnet?

Bruk av bilete «i det fri» som ligg ute på ein nettstad

[endre | endre wikiteksten]

Fil- eller eksemplareigaren må eksplisitt gje løyve til å «ta med seg det ein finn», enten ved at det står ei innbyding på nettstaden eller at ein får ei skriftleg stadfesting.

Kreditering

[endre | endre wikiteksten]

Åndsverkloven er heilt klar, dette er ein rett som fotografen har og som han ikkje treng be om for kvart bilete som vert lasta opp på Wikimedia Commons. I Noreg gjeld det uavhengig frå kva lisens fotografen nyttar. «God skikk» er eit uttrykk i §3, ein kan ikkje tolke det som t.d. skikken på engelsk Wikipedia som er prega av at fotografiet har eit dårlegare vern og ein lågare status i mange land utanfor Skandinavia. Namnet må derfor stå i biletteksten i sjølve artikkelen slik at det kjem fram på utskrifter og på kommersielle kopiar. Kopiar av no: Wikipedia finst alt på All2Know, døme: ærfugl. Også alle bilete som ein ikkje treng spørje om løyve til å bruke, så som bilete i det fri skal krediterast.

Eigne bilete

[endre | endre wikiteksten]

Nokon har eit fotografi som ein sjølv har teke og vil nytte i ein Wikipedia-artikkel. Då står ein fri til å tilby det på ein eller fleire lisensar som dei godtek på Commons, her er eit vidt utval. Det kan vere lurt å legge på {{Attribution}} i tillegg til lisensmerket for å sikre at ein vert kreditert på andre Wikipedia-prosjekt. Merk at ein ikkje kan nytte merkar for Public Domain på eigne bilete om ein arbeider i Noreg, ein kan ikkje seie frå seg opphavsrett i Noreg.

Ein skal hugse at ein sjølv alltid sit att med opphavsrett til bilete når ein lisensierar bruksrett til andre.

Føremon med GFDL

[endre | endre wikiteksten]

Bør veljast for alle eigne bilete som skal lisensierast for bruk i Wikipedia-artiklar fordi det samsvarar med lisensen for alle artiklar. Eit bilete lisensiert under GFDL utan alternative lisensar kan vere vanskeleg å nytte lovleg av andre brukarar fordi enten må heile publikasjonen som bilete går inn i gjevast ut under GFDL eller så må heile lisensteksten visast nær bilete. (Kanskje kan då denne lisensen oppfattast som eit vern mot anna lovleg bruk ein ikkje ønskjer.) Her er eit døme frå ein som ønskte å nytte eit bilete i eit magasin: Why the Wikimedia projects should not use GFDL as a stand alone license for images. Les også note i commons:Commons:Copyright_tags#GNU_Licenses.


Føremon med CC ({{Cc-by-sa-2.5}})

[endre | endre wikiteksten]

Om ein vel Creative Commons Attribution ShareAlike 2.5 License {{Cc-by-sa-2.5}} gjer ein det enkelt for andre å bruke bilete, og ein skal vere garantert kreditering på all bruk av bilete. Om eit bilete vert bruka kan det ligge ein reklameverdi for fotografen i det, Wikipedia og kommersielle forgreiningar har mange lesarar.

Tidlegare nyttige brukardiskusjonar

[endre | endre wikiteksten]

På verdsveven

[endre | endre wikiteksten]

Om nokon trur det berre er annanrangs fotografar på Commons, ta eit blikk på inspirerande fjell av commons:User:Kogo