Hopp til innhald

Brigader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I det norske forsvaret er distinksjonen forma slik.

Brigader er ein militær grad som rangerer over oberst og under generalmajor, som alternativ til brigadegeneral.

Han blir som regel nytta av armear, flyvåpen og marineinfanteri, blant anna i Noreg, Storbritannia, Australia og New Zealand. Graden svarer til flaggkommandør i Sjøforsvaret.

Brigader blir rekna som den øvste feltoffisersgraden og er difor snarare ei høgare form for oberst enn ei lågare form for general, på same måten som kommandør (engelsk: commodore; i Noreg flaggkommandør) er i marinane. Graden har blitt tilkjent NATO-status som likeverdig med brigadegeneral, som er ein generaloffisersgrad.

Graden blei innført i Noreg i 1997 som erstatning for oberst I for å standardisere med resten av NATO. Det er fleire som har graden i Noreg, men berre brigader Eldar Berli leiar ein brigade.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]