Bregma

1) Koronarsaumen
2) Pilsaumen
3) Lambdasaumen
Bregma er det anatomiske punktet på skalletaket der koronarsaumen blir kryssa vinkelrett av pilsaumen.[1][2] Ordet bregma kjem frå gresk og tydar «på toppen av hovudet».[3]
Struktur
[endre | endre wikiteksten]Plassering
[endre | endre wikiteksten]Bregma ligg ved kryssinga mellom koronarsaumen og pilsaumen i den midtre delen av skalletaket. Den dannar punktet der pannebeinet møter issebeina.
Utvikling
[endre | endre wikiteksten]Bregma er kjent som den pannefontanellen i spedbarnsalderen. Fontanellen er membranøs og lukkar seg i laupet av dei første 36 månadane av livet.
Klinisk relevans
[endre | endre wikiteksten]I den medfødde lidinga cleidokranial dysplasi, lukkar ikkje pannefontanellen seg for å forme bregma.
Bregma blir ofte bruka som eit antropometrisk målepunkt ved stereotaktisk kirurgi i hjernen.
Ved undersøking av nyfødde og spedbarn er det vanleg å palpere pannefontanellen. Eit søkk i fontanellen tydar på dehydrering, medan ein spent eller bulande fontanell tydar på auka hjernetrykk.
Fleire bilete
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.
- Denne artikkelen bygger på «Bregma» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2015.