Bowmanbreen
Utsjånad
Bowmanbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 85°34′S 162°0′W / 85.567°S 162.000°W | ||
Lengd | 75 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bowmanbreen 85°34′00″S 162°00′00″W / 85.5667°S 162°W | |||
Bowmanbreen er ein isbre i ein djup dal og er 75 km lang. Han flyt ned frå polarplatået mellom Quarles Range og Rawson Plateau i Dronning Maudfjella og ut i Rossisen like vest for Amundsenbreen. Han vart oppdaga i desember 1929 av eit geologisk lag under Byrd-ekspedisjonen leia av Laurence Gould, og vart namngjeven av Richard E. Byrd etter Isaiah Bowman, ein eminent geograf som var rektor ved Johns Hopkins University i 1935–49, og direktør i American Geographical Society i 1915–35.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bowman Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bowmanbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).