Biodiesel
Biodiesel er eit drivstoff framstilt av planteoljer eller dyrefeitt.
Framstilling
[endre | endre wikiteksten]Biodieselbruk i EU (GWh)[1] | ||||
---|---|---|---|---|
No | Land | 2005 | 2006 | 2007 |
1 | Tyskland | 18003 | 29447 | 34395 |
2 | Frankrike | 4003 | 6855 | 13506 |
3 | Austerrike | 920 | 3878 | 4270 |
4 | Storbritannia | 292 | 1533 | 3148 |
5 | Spania | 270 | 629 | 3031 |
6 | Portugal | 2 | 818 | 1 847 |
7 | Italia | 2000 | 1 32 | 1621 |
8 | Sverige | 97 | 523 | 1158 |
9 | Belgia | 0 | 10 | 1061 |
10 | Hellas | 32 | 540 | 940 |
11 | Bulgaria | - | 96 | 539 |
12 | Litauen | 87 | 162 | 477 |
13 | Luxembourg | 7 | 6 | 397 |
14 | Tsjekkia | 33 | 213 | 380 |
15 | Polen | 152 | 491 | 180 |
16 | Slovenia | 58 | 48 | 151 |
17 | Republikken Irland | 9 | 8 | 27 |
18 | Latvia | 29 | 17 | 0 |
19 | Ungarn | 0 | 4 | 0 |
20 | Danmark | 0 | 0 | 0 |
21 | Nederland | 0 | 172 | n.a. |
22 | Slovenia | 110 | 149 | n.a. |
23 | Romania | - | 32 | n.a. |
24 | Malta | 8 | 10 | n.a. |
25 | Finland | 0 | 0 | n.a. |
26 | Estland | 0 | 7 | n.a. |
27 | Kypros | 0 | 0 | n.a. |
27 | EU | 26110 | 47380 | 67154 |
1 toe = 11 63 MWh n.a. = not available |
Biodiesel vert framstilt ved at feittet vert blanda med 10 % metanol, og i ein kjemisk reaksjon vert feittet omdanna til ein metylester. Det finst ulike slag biodiesel: Rapsmetylester eller RME-biodiesel er framstilt med rapsolje som råstoff, medan FAME-biodiesel (FAME =FattyAcidMethylEster) vert framstilt av til dømes destruksjonsfeitt, slakteriavfall, tallolje, fiskeolje eller brukt steikefeitt.
Annangenerasjons biodiesel
[endre | endre wikiteksten]Bioetanol og biodiesel produsert av olje-, sukker- eller stivelsesrike jordbruksvekstar vert kalla førstegenerasjon biodrivstoff. Ein meiner at biodrivstoffet i framtida vil bli produsert ut frå cellulosehaldig biomasse, og det vert kalla annangenerasjons biodrivstoff. Slikt biodrivstoff kan bli produsert av trevirke, treavfall, halm, grasvekstar m.m.
Enno finst det ingen fullskala kommersielle produksjonsanlegg for annangenerasjons biodrivstoff.[2]
Tekniske eigenskapar
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste dieselmotorar kan køyrast på diesel innblanda inntil 5 % biodiesel utan at motoren tar skade av det. Høgre konsentrasjonar kan gje problem, spesielt for eldre motorar, sidan biodieselen løyser opp slam i tanken og slangesystemet. Berre nokre få motorprodusentar tør garantere at motoren kan køyrast på rein biodiesel. Biodiesel har noko lågare energitettleik enn ordinær diesel. Ein må difor rekne med noko høgre forbruk ved overgang til biodiesel.
Miljøgevinst
[endre | endre wikiteksten]Sidan energien i planteoljar kjem frå plantar som igjen har bunde energien gjennom fotosyntese, er bruk av biodiesel produsert på basis av plantefeitt i prinsippet CO2-nøytralt.
Miljøgevinsten ved bruk av biodiesel er avhengig av framstillingsmåten, herunder kor mykje energi som er brukt til framstilling av råstoffet, om det er bruka kunstgjødsel m.v.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Zero Arkivert 2007-10-18 ved Wayback Machine.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Biofuels barometer 2008 - EurObserv’ER Arkivert 2011-09-29 ved Wayback Machine. Systèmes solaires Le journal des énergies renouvelables n° 185, p. 49-66, 6/2008
- ↑ SFT Spørsmål og svar[daud lenkje]