Hopp til innhald

Biancavilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosario-kyrkja i Biancavilla

Biancavilla er ein by og ein kommune i provinsen Catania i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har i kring 24 000 ibuarar og eit areal på 70 km². Byen Biancavilla ligg 555 meter over havet, 33 km nordvest for provinshovudstaden Catania.

Byen vart grunnlagd 8. januar 1488 av albanske flyktningar. Dei kom til eit områda kalla Callicari og fekk rett ("Licentia Populandi") til å busette seg av leiarane for Sicilia-regionen. Staden vart kalla Albavilla til det i året 1599 vart endra til Biancavilla.