Betty Boothroyd
Utsjånad
Betty Boothroyd | |||
| |||
Fødd | 8. oktober 1929 Dewsbury | ||
---|---|---|---|
Død | 26. februar 2023 (93 år) | ||
Statsborgar av | Storbritannia | ||
Parti | Det britiske arbeidarpartiet (1992), partilaus (1992) | ||
Yrke | politikar, sjølvbiograf | ||
Mor | Mary Butterfield | ||
Far | Ben Archibald Boothroyd | ||
Alle verv |
|
Betty Boothroyd (8. oktober 1929–26. februar 2023)[1] var ein britisk politikar for Det britiske arbeidarpartiet. Ho vart vald til ordstyrar i Underhuset i 1992, som den fyrste kvinna som hadde dette vervet.[2] Ho vart erstatta av Michael Martin i 2000.[3] Boothroyd vart seinare baronesse (som life peer) av Sandwell og medlem av Overhuset, der ho sat som partiuavhengig.[4]
I 2019 støtta Boothroyd krav om ny folkeavrøysting om Brexit.[2]
Boothroyd var utdanna dansar og medverka ein periode i eit danseensemble.[5] Betty! A Sort of Musical med og av Maxine Peake, som bygde laust på livet hennar, hadde premiere i 2022.[6][7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Victor, Daniel (27. februar 2023). «Betty Boothroyd, Britain’s First Female House of Commons Speaker, Dies at 93». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 27. februar 2023.
- ↑ 2,0 2,1 «Betty Boothroyd: “Jeremy Corbyn won’t be prime minister, dear. He ain’t going to win”». www.newstatesman.com (på engelsk). 10. juli 2019. Henta 12. september 2019.
- ↑ «Race is on to replace John Bercow as Commons Speaker». Guardian. 9. september 2019.
- ↑ «Parliamentary career for Baroness Boothroyd – MPs and Lords – UK Parliament» (på engelsk). Parliament of the United Kingdom. Henta 13. mai 2021.
- ↑ «Betty Boothroyd | Biography, Speaker, House of Commons, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 1. mars 2023
- ↑ Brennan, Clare (18. desember 2022). «Betty! A Sort of Musical review – fitfully funny take on the life of Betty Boothroyd». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712.
- ↑ Timan, Joseph (10. desember 2022), «Review: Betty! A Sort of Musical at Royal Exchange», Manchester Evening News (på engelsk), henta 1. mars 2023
- Denne artikkelen bygger på «Betty Boothroyd» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2023.