Beda Hallberg
Utsjånad
Beda Hallberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 11. februar 1869 Onsala församling |
Død |
9. mai 1945 (76 år) |
Ektefelle | Johan Edvard Hallberg |
Beda Hallberg på Commons |
Beda Hallberg (fødd 11. februar 1869 på Presse Gård i Onsala, død 9. mai 1945) var initiativtakar til salet av den første maiblomsten i Sverige. I 1907 grunnla ho Förstamajblommans riksförbund i Göteborg. Ho var dotter til Josephine og Johan Andersson.
Hallberg fekk frå 1938 heiderspensjon av den svenske staten, og i 2004 var ho kåra til Tidernas hallänning etter ei avrøysting. Ho er gravlagd på Östra kyrkogården i Göteborg.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1909 leiar av det internasjonale forbundet mot tuberkulose (International Union Against Tuberculosis).
- 1913 æresmedlem av Norske Kvinners Sanitetsforening.
- 1914 tildelt medaljen Illis quorum meruere labores, åttande storleiken
- 1919 formann i Svenska nationalföreningen mot tuberkulos.
- 1931
- æresmedlem av Majblomman Corporation of America, Women’s Missionary Soc.,
- Vasaorden S:t Erik
- Vasaordens Barnklubb Nr 1 i New York.
- 1932 tildelt Den Kongelige Belønningsmedalje av kong Kristian X av Danmark.
- 1936 æresmedlem i Förstamaj-blommans centralkommitté
- 1938 statspensjon for at ho hadde bygd opp og utvikla verksemda med energi og organisatorisk evner
Oppkalling
[endre | endre wikiteksten]Fleire av sporvognene til Göteborgs spårvägar er gitt namn etter kjende göteborgsprofilar. M31 301 ber Beda Hallberg sitt namn. Ein vidaregåande skule i Kungsbacka som startar hausten 2013 er oppkalla etter Beda. (Beda Hallbergs gymnasium)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tekst og bilde Arkivert 2010-08-27 ved Wayback Machine.
- Majblommans offisielle heimesida
- Beda Hallbergs gymnasium Arkivert 2013-01-16 ved Wayback Machine.