Bastøy
Bastøy | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Ytre Oslofjord |
Koordinatar | 59°22′42″N 10°31′39″E / 59.37833°N 10.52750°E
|
Høgaste punkt | Bastøykalven (15 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Vestfold
|
Bastøy, Bastø eller Bastøya er ei øy på 2,23 km² som ligg i Oslofjorden søraust for Horten i Vestfold. Øya ligg i Horten kommune, men vert eigd av staten.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bastøy fyr
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Bastøy fyrstasjon.
Bastøy fyr vart oppretta 1840. Fyret bestod av eit steinhus med eit lågt tårn. Det vart erstatta av ei lanterne i 1986. Fyret på Bastøy er ikkje lenger bemanna, men vert framleis nytta til mellom anna kursverksemd.
Bastøy kyrkje
[endre | endre wikiteksten]Bastøy kyrkje er ei kyrkje av stein bygd i 1902.
Guteheimen
[endre | endre wikiteksten]Bastøy vart kjøpt av den norske staten i 1898 og det vart oppretta ein skuleheim for «forsømte» gutar med tilpassingsvanskar. Skuleheimane stod under Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt tilsyn før dei vart overført til Sosialdepartementet frå 1. juli 1953. Ved overføringa endra Bastøy Skolehjem namn til Foldin verneskole og seinare Foldin offentlige skole. Skulen vart nedlagd omkring 1970.
Verneheim og fengsel
[endre | endre wikiteksten]Statens vernehjem Bastøy overtok bygningane til Bastøy skuleheim etter at dette vart nedlagt i 1970. Frå 1971 tok verneheimen imot arbeidsuføre, heimlause alkoholskadde. Anlegget vart seinare kretsfengsel og frå 1988 landsfengsel under namnet Bastøy fengsel, ein open anstalt med plass til rundt 115 fangar.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bastøy» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Flyfoto og kart over øya
- Historikk (Bastoyfengsel.no) Arkivert 2015-02-26 ved Wayback Machine.
- Bastøy fengsel Arkivert 2015-02-26 ved Wayback Machine.
- Søk på «Bastø» i historietidskriftet Borreminne[daud lenkje]
- Ein Bastøy-gut fortel Arkivert 2010-11-10 ved Wayback Machine.
- Bastøy – Oslofjordens perle Arkivert 2013-11-29 ved Wayback Machine.
- Kort avisartikkel om fengselsøya Bastøy[daud lenkje]
- Bilete frå Bastøy og fengselet der[daud lenkje]