Baltimore
City of Baltimore | |||
---|---|---|---|
| |||
Kallenamn «Charm City, Mob Town, City of Firsts, Monument City» | |||
Styresmakter | |||
Land Delstat |
USA Maryland | ||
Grunnlagd | 1729 (tettstad), 1797 (by) | ||
Mayor (ordførar) | Catherine E. Pugh (D) | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 238,411179 km² | ||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
238,5 km² 209,3 km² 29,2 km² | ||
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
637 455 3045,7/km² 2 178 000 (2000) 2 668 056 (2000) | ||
Koordinatar | 39°17′N 76°37′W / 39.283°N 76.617°W | ||
Høgd over havet | 10 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EST (UTC-5) EDT (UTC-4) | ||
Diverse anna | |||
Telefon-retningsnummer | 410, 443 | ||
Heimeside: www.baltimorecity.gov | |||
Plassering | |||
Baltimore er den største byen i delstaten Maryland i USA og ein av dei viktigaste hamnebyane i landet. Byen er nesten heilt omkrinsa av Baltimore County, unnateke i sør. Sjølve byen Baltimore er uavhengig, og ikkje del av noko fylke.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd i 1729, og oppkalla etter baron Baltimore, ein av dei britiske grunnleggjarane av kolonien Maryland. Hamna tente opphavleg tobakkshandelen i byen. Men seinare tente ho også den amerikanske samhandelen med Europa og Karibia. Då Philadelphia var okkupert av britane i 1777, hadde kontinentalkongressen møte i Baltimore.
I 1827 vart den første jernbanelina i USA, Baltimore & Ohio Railroad, opna i Baltimore.
Hamna utvikla seg på 1800-talet til den nest største innvandringshamna i USA, etter New York.
Folk frå Baltimore
[endre | endre wikiteksten]- Frank Zappa (1940–1993), musikar, komponist
- John Bolton (f. 1948), tidlegare rådgjevar til USA sin president
- Ta-Nehisi Coates, forfattar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://www.ci.baltimore.md.us Arkivert 1996-12-19 ved Wayback Machine. (engelsk)
- http://www.baltimoretourism.com (engelsk)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Frå Wikipedia på bokmål