Bézier-kurve
Ei Bézier-kurve er innanføre det matematiske spesialfeltet numerisk analyse ei viktig parametrisk kurve og er særleg nytta i framstillinga av datagrafikk og dataassistert design, CAD. Bézier-kurver vert nytta i mange dataprogram ved at kontrollpunkta vert viste grafisk. Ved å flytta rundt på dei kan ein intuitivt manipulera forma til kurva.
Bézier-kurver vart i stor grad gjort kjende i 1962 av den franske ingeniøren Pierre Bézier, som brukte dei som hjelpemiddel for design av bilar.
Definisjon
[endre | endre wikiteksten]
er kjend som ei bézierkurve og -ane er kontrollpunkta til denne kurva. Kontrollpunkta avgjer forma til bézier-kurva. Ein kan rekna ut kurva direkte ved denne definisjonen eller nytta De Casteljau-algoritmen.
Bézier-kurva vil alltid liggja i det konvekse hólet av kontrollpunkta sine.