Avtrekkskap
Utsjånad
Eit avtrekkskap er eit skap, ofte i pleksiglas, med sterk ventilasjon. Avtrekkskap vert nytta i kjemiske og biologiske laboratorium for handtering av farlege kjemikalium. Skapet vert òg nytta til å skåne ting frå menneske, til dømes når ein jobbar med celler kan det vere ønskeleg å få eit sterilt miljø som kan skapast i eit avtrekkskap.