Auberge av Chris Rea
Auberge Studioalbum av Chris Rea | ||
Utgjeve | April 1991 | |
Innspelt | Studio Miraval | |
Sjanger | Albumorientert rock | |
Lengd | 54:33 (59:15) | |
Selskap | East West, Atco | |
Produsent | Jon Kelly | |
Chris Rea-kronologi | ||
---|---|---|
The Road to Hell (1989) |
Auberge | God's Great Banana Skin (1992)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Auberge (fransk for «vertshus») er det ellevte studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1991. Albumet, og tittelsongen, var knytt til bilen Caterham Super Seven, som han eigde, og som han kalla «Blue Seven». Bilen er med på omslaget, illustrert i eit oljemåleri av den kjende motorkunstnaren Alan Fearnley.[2] Fleire av songane på albumet refererer til bilen, det same gjer musikkvideoen av songen.[3] I 2005 selde Rea bilen på ein auksjon.[4] Auberge nådde toppen på albumlista i Storbritannia i 1991. Tittelsporet vart òg ein av dei største hittane hans med ein 16. plass på den britiske singellista. Andre songar som kom ut som singlar frå albumet var «Heaven», «Looking for the Summer» og «Winter Song». Ein annan song, «And You My Love», sjølv om han ikkje vart gjeven ut som singel, vart ein stor favoritt hos fansen til Rea og vart mykje spelt på konsertane hans.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Chris Rea.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Auberge» | 7:18 |
2. | «Gone Fishing» | 4:41 |
3. | «You're Not A Number» | 5:00 |
4. | «Heaven» | 4:13 |
5. | «Set Me Free» | 6:53 |
6. | «Winter Song» (sjå under) | 4:35 |
7. | «Red Shoes» | 3:54 |
8. | «Sing A Song Of Love To Me» | 3:34 |
9. | «Every Second Counts» | 5:08 |
10. | «Looking for the Summer» | 5:03 |
11. | «And You My Love» | 5:28 |
12. | «The Mention Of Your Name» | 3:17 |
«Winter Song» var ikkje med på den originale utgjevinga, men vart gjeven ut som ein eigen singel i november 1991. Han var med på seinare CD-utgåver.
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Austerrike (IFPI Austerrike)[5] | Gull | 25 000x |
Finland (Musiikkituottajat)[6] | Gull | 36,000 |
Frankrike (SNEP)[7] | 2× Gull | 200,000* |
Tyskland (BVMI)[8] | Platina | 500 000^ |
Sveits(IFPI Switzerland)[9] | Platina | 50 000x |
Storbritannia (BPI)[10] | 2× Platina | 600 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Chris Rea - gitar, slidegitar, klassisk gitar, hammondorgel, munnspel
- Anthony Drennan - gitar, dobro
- Robert Ahwai - bass
- Max Middleton - piano, strykearrangement
- Tim Sanders - tenorsaksofon
- Simon Clarke - altsaksofon, barytonsaksofon
- J. Neil Sidwell - trombone
- Rick Taylor - trombone
- Roddy Lorimer - trompet, valthorn
- Paul Spong - trompet, valthorn
- Nick Hitchens - tuba
- Martin Ditcham - perkusjon, trommer
- Carol Kenyon - korvokal
- Linda Taylor - korvokal
- Gavyn Wright - dirigent
- The Kick Horns - blåsearrangement
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]- Jon Kelly - produsent
- John Mackswith - lydteknikar
- Justin Shirley-Smith - lydteknikar
- Russell Shaw - lydteknikar
- Willie Grimston - produksjonskoordinering
- Alan Fearnley - måleri
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Auberge (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Grand Prix Sportique, arkivert frå originalen 24. august 2004, henta 7. desember 2015
- ↑ Halfbakery: Painting Product Placement
- ↑ Coys, arkivert frå originalen 17. juni 2007, henta 7. desember 2015
- ↑ «Austrian album salstrofé – Chris Rea – Auberge» (på tysk). IFPI Austerrike. Enter Chris Rea in the field Interpret. Enter Auberge in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
- ↑ The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
- «Chris Rea» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
- «Kultalevyjen myöntämisrajat» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
- ↑ http://www.infodisc.fr/CD_Certif.php
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Chris Rea; 'Auberge')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Chris Rea; 'Auberge')». Hung Medien.
- ↑ «British album salstrofé – Chris Rea – Auberge». British Phonographic Industry. Enter Auberge in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go