Ascona
Ascona | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Sveits | |
Kanton | Ticino | |
Distrikt | Locarno | |
Språk | italiensk | |
Borgarmeister | Aldo Rampazzi | |
Geografi | ||
Flatevidd - kommune |
4,97 km² | |
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
5 489 1 104,4 /km² | |
Koordinatar | 46°09′0″N 8°46′0″E / 46.15000°N 8.76667°E | |
Høgd over havet | 196 moh. | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 6612 | |
Nettstad: www.ascona.ch |
Ascona er ein kommune i distriktet Locarno i kantonen Ticino i Sveits. Kommunen har 5 489 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4,97 km². Kommunesenteret ligg 196 meter over havet. Kommunen ligg på nordsida av innsjøen Lago Maggiore.
Byen er eit populært turistmål. Årleg vert ein jazzfestival avvikla i byen; kalla 'New Orleans Jazz Festival Ascona'.
Monte Verità
[endre | endre wikiteksten]"Monte Verità" (bokstavleg Sanningsfjellet) i Ascona var i dei fyrste tiåra av 1900-talet møtestad og bustad for folk som preika for "tilbake til naturen".
Kolonien hyste ein ein heil del kunstnarar, anarkistar og andre kjende menneske. Mellom dei som hadde opphald på Monte Verità var Hermann Hesse, Carl Gustav Jung, Erich Maria Remarque, Hugo Ball, Else Lasker-Schüler, Stefan George, Isadora Duncan, Paul Klee, Rudolf Steiner, Mary Wigman, Gyula Háy, Max Picard, Ernst Toller, Henri van de Velde, Rudolf Laban, Frieda von Richthofen, Else von Richthofen, Otto Gross, Erich Mühsam, Karl Wilhelm Diefenbach og Gustav Stresemann.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ascona» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ascona på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Monte Verità på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Der "Heilige Berg" Monte Verità Arkivert 2004-10-19 ved Wayback Machine.
- New Orleans Jazz Festival
- Turistinformasjon Arkivert 2008-06-10 ved Wayback Machine.