Arne Magerøy
Utsjånad
Arne Martin Magerøy (14. mai 1879–28. januar 1953) var ein lærar og lokalhistorikar frå Ålvundeid på Nordmøre, bror til Nils Magerøy.
Magerøy vart uteksaminert frå lærarskulen i Levanger i 1899. Dei neste åra var han lærar i Aukra i Romsdal og i Helgelands-bygdene Vik og Velfjord. Til sist underviste han i skulen i Fræna i Romsdal i lang tid.
Magerøy var aktiv i fråhaldsrørsla og i misjonsarbeid. Frå 1943 gav han ut fleire skrift med lokal kultur- og slektshistorie. Fyrst ut var Gamle visor og kvedor, i 1946 kom Hans Nielsen Hauges verksemd i Møre og Romsdal, begge i lag med broren Nils Magerøy. Arne Magerøy samla dessutan inn mykje tilfang til ei bygdebok om Eide, medan skriftet Riddarsalen kom ut posthumt i 1955.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958