Arkitekten Henrik Bull
Arkitekten Henrik Bull | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mars 1864 Christiania |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Far | Georg Andreas Bull |
Mor | Emilie Constance Hjelm |
Ektefelle | Mette Bull |
Arkitekten Henrik Bull på Commons |
Henrik Bull (28. mars 1864–2. juni 1953) var ein norsk arkitekt fødd i Oslo. Byggjestilen hans var påverka av jugendstilen men hadde òg nasjonalromantiske trekk. Bull var «landets fremste arkitekt» i tiåra kring 1900.[1]
Bakgrunn og familie
[endre | endre wikiteksten]Henrik Bull var fødd i Christiania som son av stadskonduktøren og arkitekten Georg Andreas Bull (1829–1917) og Emilie Constance Hjelm (1832–1926).[1]
Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole og Den kongelige Tegneskole før han fullførte arkitektstudiane sine med tre år ved Königliche Technische Hochschule i Berlin.
Han gifta seg i 1905 med skodespelaren Mette Marie Berntsen.[2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Bull gjorde seg først kjend som kyrkjearkitekt. Han stod for Pauluskyrkja på Grünerløkka og den nye kyrkja i Uvdal. Seinare fekk han dei ærefulle oppdraga å teikna Nationaltheatret, Historisk Museum og Regjeringsbygget, som i dag husar Finansdepartementet. For Regjeringsbygningen fekk han Houens fonds diplom.
Henrik Bull var også formgjevar. Han gav mellom anna form til Lohengrin sjokolade.[3] Han utforma også møblar, og fekk gullmedalje for desse på Verdsutstillinga i Paris i 1900.[2]
Frå 1908 var Bull lærar ved Den kgl. Tegneskole, seinare Statens håndverks- og kunstindustriskole.[2] Frå 1912 til 1934 var han direktør same staden.[3] I 1914 var han bygningssjef for Norges Jubilæumsutstilling i Kristiania.[2]
Han var også aktiv innan kulturminnevern.[3] Etter å ha blitt pensjonert utførte han ei rekkje oppmålingar for Forening til norske Fortidsminners Bevaring.[2]
Bygningar
[endre | endre wikiteksten]Bull teikna blant anna følgjande bygningar i Oslo (i kronologisk rekkefølgje etter oppføringsår):
- Paulus kyrkje (1889–92)
- Nationaltheatret (1891–99)
- Historisk museum (1898–1902)
- Regjeringsbygningen (no Finansdepartementet) (1898–1904)
- Tilbygg til Josefines gate 9 i Homansbyen (1900)
- Port, inngangsparti mot vest, spisestue – «Lunds hus», Tollbugata 97, Drammen (ca. 1905)[4]
- Villa Otium (1911), no residens for den amerikanske ambassadøren til Noreg
- «Bybygningen» på Norsk folkemuseum (1914)
- Villa oppført for skipsreiaren Thomas Fearnley i 1915 i Kristinelundveien 4. Villaen var Reichskommissar Josef Terboven sin Oslo-residens under andre verdskrigen, og er no ambassadørbustad for den kinesiske ambassaden.
- Villa for skipsreder Wilhelm Wilhelmsen i Trosterudveien 21 (1917)
- Centralbanken for Norge i Kirkegata 14-18 (1915–21), saman med Waldemar Hansteen
- Verkstad og garasje på Schous bryggeri (1920)
- Edvard Munch sitt vinteratelier på Ekely (1923)
- Malteriet på Schous bryggeri (1925)
- Tilbygg (mot Thor Olsens gate) til Kurbadet i Akersgata 74 (1927)
- Andre stader
- Uvdal nye kyrkje (1893)
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Paulus kyrkje i Oslo (1889–92)
-
Regjeringsbygget i Oslo, som no huser Finansdepartementet, er teikna av Henrik Bull.Foto: Bjørn Erik Pedersen
-
Centralbanken for Norge
-
Historisk Museum
-
Professor Dahls gate 26
-
Villa otium
-
Uvdal nye kyrkje
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Indahl, Trond (28. september 2014). «Henrik Bull - 1». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Malling, Julius (20. februar 2017). «Henrik Bull». Norsk kunstnerleksikon (på norsk).
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Henrik Bull». Store norske leksikon (på norsk). 20. november 2017.
- ↑ Jo Sellæg (rådgiver i bygningsvern) (23. januar 2014). «DRAMMEN KOMMUNE Kulturminnevurdering for område: Sentrum» (PDF). Drammen kommune. Arkivert frå originalen (PDF) 19. februar 2017. Henta 18. februar 2017. «Adresse: Tollbugata 97 / Gnr.: 111 / Bnr.: 635 / Betegnelse: Lunds hus / Bygningsnr.: 158459183 / Opprinnelig formål: bolig / Sd 183 1870 R H H H M H H S H M S A / Byggherre: Kjerulf, sagbrukseier / Tilleggsopplysninger og kommentarer: Luksusutgave av "Drammenshus". Sjeldent vakre/dekorerte interiører i 4 stuer. Port, inngangsparti mot vest og spisestue v/ark H Bull for ordfører Lund ca. 1905.»
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Stephan Tschudi-Madsen, Henrik Bull, Oslo: Universitetsforlaget, 1984. ISBN 82-00-06270-8