Apt
Apt | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Provence-Alpes-Côte d'Azur Vaucluse |
Geografi | |
Flatevidd | 44,57 km² |
Flatevidd - By |
44,57 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
11 229 252/km² |
Koordinatar | 43°52′N 05°24′E / 43.867°N 5.400°E |
Høgd over havet | 253 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 84400 |
Heimeside: www.ot-apt.fr |
Apt (oksitansk At / Ate) er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vaucluse i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og har om lag 12 000 innbyggjarar. Byen ligg ved venstre breidda av Coulon, 65 km aust for Avignon. Han er den største byen i fjella Luberon.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Apt ligg nord for Aix-en-Provence og elva Durance.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Apt var ein gong den viktigaste byen for Vulgientes, ei gallisk stamme, men vart øydelagd av romarane rundt 125 fvt.. Byen vart bygd opp att av Julius Cæsar, som gav han tittelen Apta Julia. Byen vart mykje øydelagd av lumbardane og saracenarane, men festningsverka vart bygd opp att av grevane av Provence. Bispedømet vart grunnlagd på 200-talet. Castor av Apt var biskop i byen på 400-talet. Bispedømet vart avskaffa i 1790 under den franske revolusjonen.
Viktige manuskipt, som omhandla musikk, vart funne i Apt på 1100- og 1200-talet. Dei er kjend som Apt-manuskriptet eller Ivrea-kodeksen. Dei inneheld motettar og messer, som alle er polyfoniske. Ni av fjorten motettar av Philippe de Vitry er skrive ned i kodeksen, ei samling av 81 komposisjonar frå 1360. Ein meiner at kodeksen opphavleg vart nytta i pavepalasset i Avignon.