Antoinette Nana Djimou
Antoinette Nana Djimou | |
Statsborgarskap | Frankrike, Kamerun |
Fødd | 2. august 1985 (39 år) Douala |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Antoinette Nana Djimou Ida (fødd 2. august 1985) er ein kamerunsk-fransk friidrettsutøvar frå Douala i Kamerun. Ho vann sjukampen i europameisterskapane 2012 og 2014.
Djimou flytta til Frankrike tidleg i ungdomsåra. Ho byrja då med friidrett, men det var fyrst i 2009 ho vart lagt merke til. Etter at ho vart nummer tre i femkampen under innandørs-EM, kom ho same året på sjuandeplass i Berlin-VM med 6323 poeng.
I 2011 vann ho femkampen i innandørs-EM i Paris, og vart som i førre VM nummer sju i sjukampen. Under sommarleikane i London i 2012 gjorde ho sin aller beste sjukamp, men 6 576 heldt likevel ikkje til meir enn ein sjetteplass.
Våren 2013 forsvarte Djimou EM-tittelen i femkamp innandørs, og sommaren 2014 gjorde ho ein liknande prestasjonen då ho vann sjukampen under europameisterskapen i Zürich. Ho lukkast ikkje ta sitt tredje rake EM-gull i sjukamp under Amsterdam-EM i 2016, men 6 426 poeng gav henne ein sølvmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2006 i Göteborg: Nr 21 – 5 765 poeng
- VM 2007 i Osaka: Braut
- OL 2008 i Beijing: Nr 18 – 6 055 poeng
- VM 2009 i Berlin: Nr 7 – 6 323 poeng
- EM 2010 i Barcelona: Braut
- VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 6 309 poeng
- EM 2012 i Helsinki: Gullmedalje – 6 544 poeng, framom Laura Ikauniece (6 335 p)
- OL 2012 i London: Nr 7 – 6 576 poeng
- VM 2013 i Moskva: Nr 8 – 6 326 poeng
- EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 6 551 poeng, framom Nadine Broersen (6 498 p)
- EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 6 458 poeng, bakom Anouk Vetter (6 626 p)
- OL 2016 i Rio de Janeiro:Nr 11 – 6 383 poeng
- VM 2017 i London: Nr 16 – 6 064 poeng
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Antoinette Nana Djimou» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Antoinette Nana Djimou» (på engelsk). olympedia.org. Henta 20. februar 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1985
- Franske mangekjemparar
- Europameistrar i friidrett for Frankrike
- Franske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Franske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Franske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016