Anthony Trollope
Anthony Trollope | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 24. april 1815 London |
Død |
6. desember 1882 (67 år) |
Yrke | skribent, sjølvbiograf, romanforfattar, biograf, politikar |
Språk | Engelsk |
Periode | 1800-talet, viktoriatida |
Sjanger | novelleforfattar, essayist, biograf, reiseskildring, sjølvbiografi |
Far | Thomas Trollope |
Mor | Frances Trollope |
Ektefelle | Rose Heseltine |
Born | Henry Merivale Trollope, Frederic James Anthony Trollope |
Anthony Trollope på Commons |
Anthony Trollope (24. april 1815–6. desember 1882) var ein engelsk forfattar, ein av mest fremgangsrike, produktive og respekterte romanforfattarar i viktoriatian. Nokr av dei meste populære verka hans, kjent som Barsetshire-krønikene, finn stad i det fiktive engelske grevskapet Barsetshire. Trollope skreiv òg djuptpløyande romanar om mellom anna politiske, sosiale og kjønnsmessige spørsmål.[1]
Det litterære omdømet til Trollope dalte likevel ein del mot slutten av levetida hans, men han fekk tilbake vørdnaden frå mange litteraturkritikarar ved midten av 1900-talet.Nokre kjende lesarar av Trollope var skodespelaren Alec Guinness, som aldri reiste nokon stad utan ein av romanane hans i bagasjen, dei britiske statsministrane Harold Macmillan og John Major, økonomen John Kenneth Galbraith, den engelske dommaren lord Denning, dei amerikanske forfattarane Sue Grafton, Dominick Dunne og Robert Caro.[2]
Verk og omdøme
[endre | endre wikiteksten]Den første større suksessen til Trollope kom med The Warden (1855). Dette var den første av seks romanar om det fiktive grevskapet Barsetshire, kollektivt ofte omtalte som Barsetshire-krønikene, vanlegvis med handling som dreide seg rundt dei geistlege. Barchester Towers (1857) er truleg den best kjende av desse. Den andre betydelege bokserien hans, Palliser-romanane, tek for seg politikk med den rike industrimannen Plantagenet Palliser og den særs spontane og endå rikare kona hans, lady Glencora, i framtredande posisjonar. Som med Barsetshire-serien finst detmange andre utvikla figurar i kvar roman.
Populariteten til Trollope og kritikarsuksessen hans dalte i dei siste åra hans, men han heldt fram å skriva med uendra produktivitet. Ein del av dei seinare romanane hans fekk god mottaking,særleg den feiande satiren The Way We Liva Now (1875) som den fremste. Til saman skreiv Trollope førtisju romanar, eit dusin noveller og ein del bøker med reiseskildringar.
Etter at han døydde kom Trollope sin sjølvbiografi ut, og blei ein bestseljar.[3] At stjerna hans dalte hjå kritikarane hadde årsak i denne utgjevinga. Sjølv i løpet av den aktive karrieren hans tenderte meldarane til å rista på hovuda over den enorme produktiviteten hans. Sjølvbiografien avslørte at Trollope heldt seg til eit strengt skriveskjema med daglege gjeremål. Den inspirerte musa, i auga til kritikarane, ville aldri følgja eit strengt, fastlagt skriveskjema. Like ille var det at Trollope innrømte å skriva for pengar, medn musa, hevda kritikarane, skulle ikkje vera kyntt til jaget etter pengar.
Den amerikanske forfattaren og kritikaren Julian Hawthorne, som var ein ven av Trollope, lovpriste forfattaren, karakteriserte han som «ein kredit for England og menneskja», men la òg til at «han har gjort stor skade på engelsk skjønnlitteratur med romanane sine.»[4]
Henry James uttrykte òg blanda meiningar om Trollope. Den unge James skreiv ein del bitande omtaler av Trollope sine romanar, The Belton Estate kalla han eksempelvis for «ei tåpeleg bok utan ein einaste tanke eller ide i seg... ei form for mental føde». Han gjorde det klart at han mislikte forteljarteknikken til Trollope, med muntre innskot om korleis handlinga kunne ta kva som helst retning om forfattaren ynskte det. Likevel godkjende James gjennomgåande Trollope si merksemd for realistiske detaljar, slik han skreiv i eit essay kort tid etter at romanforfattaren døydde:
- «Hans [Trollopes] stordom, hans uvurderlege forteneste var ei fullstendig forståing av det alminnelege. (...) Han følte alle daglege og endeframe ting like godt som han så dei; følte dei på ein enkel, direkte, sunn måte, med tristleiken deira, gleda deira, sjarmen deira, moroa deira, alle dei openberre og målbare meiningane. (...) Trollope vil blir verande ein av dei mest pålitelege, om enn ikkje ein av dei mest veltalande, av dei forfattarane som har hjelpt hjartet til mennesket til å kjenna seg sjølv. (...) Eit folk er heldig når det har ei stor mengd av denne førestillinga — av fantasirik kjensle — som har kome til Anthony Trollope; og i denne eigarskapen er det engelske folket vårt ikkje fattig.»[5]
Forfattarar som Thackeray, Eliot og Collins beundra og blei vener med Trollope, og George Eliot noterte at ho ikkje kunne ha gått i gang med eit slikt ambisiøst prosjekt som Middlemarch utan at Trollope hadde gått føre i sine romanar med den fiktive folkesetnaden i Barsetshire. W.H. Auden skreiv om Trollope at «Av alle romanforfattarar i eit kva for helst land er Trollope den som best forstår rolla til pengane. Samanlikna med han er sjølv Balzac altfor romantisk.»[6]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Alle er romanar om ikkje anna er oppgjeve.
Barsetshire-romanane
Pallisers-serien
|
Andre
|
|
|
|
|
|
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nardin, Jane (1990). "The Social Critic in Anthony Trollope's Novels," SEL: Studies in English Literature 1500–1900, Vol. XXX, No. 4, s. 679–696.
- ↑ Lunch with the FT: Robert Caro
- ↑ "Literary Gossip". The Week : a Canadian journal of politics, literature, science and arts. 1 1: 13. 6. desember 1883.
- ↑ Hawthorne, Julian (1887): Confessions and Criticisms, Ticknor and Company. s. 160–162.
- ↑ James, Henry (1888): Partial Portraits, Macmillan and Co. s. 100–101, 133. Originalsitat: «His [Trollope's] great, his inestimable merit was a complete appreciation of the usual. ... [H]e felt all daily and immediate things as well as saw them; felt them in a simple, direct, salubrious way, with their sadness, their gladness, their charm, their comicality, all their obvious and measurable meanings. ... Trollope will remain one of the most trustworthy, though not one of the most eloquent, of the writers who have helped the heart of man to know itself. ... A race is fortunate when it has a good deal of the sort of imagination—of imaginative feeling—that had fallen to the share of Anthony Trollope; and in this possession our English race is not poor.»
- ↑ Sitert i Wintle, Justin & Kenin, Richard, red. (1978): The Dictionary of Biographical Quotation, Routledge & Kegan Paul Ltd. s. 742
- Denne artikkelen bygger på «Anthony Trollope» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2019.