Anerood Jugnauth
Anerood Jugnauth | |||
| |||
Fødd | 29. mars 1930 Vacoas-Phoenix | ||
---|---|---|---|
Død | 3. juni 2021 (91 år) | ||
Statsborgar av | Mauritius | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | City Law School | ||
Ektefelle | Sarojini Jugnauth | ||
Barn | Pravind Jugnauth | ||
Alle verv |
Anerood Jugnauth (fødd 29. mars 1930) er ein mauritisk politikar frå byen Vacoas-Phoenix i distriktet Moka, og har sete som både statsminister og president på Mauritius.
Han vart statsminister i landet fyrste gong i 1982, som Seewoosagur Ramgoolam sin etterfylgjar. Jugnuath vart sitjande i fire samanhengjande periodar, frå 1982 til 1995, og er med det den som til no har vore statsminister lengst på Mauritius. I år 2000 vart han statsminister på nytt, men gjekk av i 2003 då han vart etterfølgd av Paul Bérenger.
I 2003 vart Jugnauth vald til president, og han sat som president samanhengjande fram til 2012. I 2014 vann partiet hans valet og han vart utnemnd til statsminister igjen. Han gjekk av att i januar 2017, på grunn av høg alder, og let sonen Pravind Jugnauth overta som statsminister.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anerood Jugnauth» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2010.