Hopp til innhald

Ane Cecilie Høgseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ane Cecilie Høgseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. januar 2001 (24 år)
Oslo
Idrett handball

Ane Cecilie Høgseth (fødd 15. januar 2001) er ein norsk handballspelar frå Oslo. I året 2024 vart ho europameister med Noreg, vinnar av EHF-europaligaen og noregsmeister for Storhamar Idrettslag. Høgseth er linjespelar.

Høgseth spelte 2018-21 på Aker, eit lag som i 2019 rykka opp i eliteserien. Sommaren 2021 flytta ho over til topplaget Storhamar IL, var aktiv til ut året 2024. 12. mai 2024 var ho med på å vinne EHF-europaligaen då Storhamar slo rumenske Gloria Bistrița med 29-27 i finalen i Graz. På tampen av 2024 vart Høgseth noregsmeister for Storhamar, sjølv kom ho ikkje på bana i finalen mot Tertnes IL. Frå nyår 2025 gjer ho teneste i danske Ikast.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Høgseth debuterte på Noregs landslag 21. april 2022 mot Romania. Ho var med i 9-ni av kampane til Norges lag som vann meisterpokalen under Handball-EM 2024 for kvinner. Per 1.1.2025 hadde ho delteke i 29 landskampar og skåra 13 mål.

  • EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark