Amazilia
Amazilia | |
Rusthalekolibri, Amazilia tzacatl Foto: Flickr-brukar Kathy & sam
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Trochilini |
Slekt: | Amazilia Lesson, 1843 |
Amazilia er ei biologisk slekt av kolibriar i underfamilien Trochilinae. Dei lever i Sentral-Amerika og vestlege Colombia og Ecuador.
Slekta Amazilia vart introdusert i 1843 av den franske naturforskaren René Lesson.[1] Lesson hadde brukt amazilia i 1827 som det spesifikke tilnamnet til amaziliakolibrien som no er den einaste arten plassert i slekta Amazilis.[2] Typearten vart deretter utpeika som kanelkolibri, Amazilia rutila.[1] Slektsnamnet Amazilia kjem frå inkaheltinna i romanen Les Incas, ou la destruction de l'Empire du Pérou av Jean-François Marmontels.[1]
Tidlegare inkluderte denne slekta mange fleire artar. Ein molekylær fylogenetisk studie publisert i 2014 fann at den store slekta var polyfyletisk.[3] I den reviderte klassifiseringa for å lage monofyletiske slekter vart artar flytta til Leucolia, Saucerottia, Amazilis, Uranomitra, Chrysuronia, Polyerata, Chionomesa, Elliotomyia og Chlorestes.[4]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er mellomstore kolibriar, kroppslengda er ca. 9 til 11 centimeter inkludert nebbet. Dei fleste har raud farge i nebbet, oftast i undernebbet, men hos nokre artar òg gjennom heile nebbet unntatt tuppen som alltid er mørk. Alle manglar sterkt iriserande strupeflekk som ein finn i mange andre kolibrislekter.[5]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Amazilia i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]
- Kanelkolibri, Amazilia rutila, Cinnamon hummingbird, (Delattre, 1843), (LC)
- Lever mot stillehavskysten av Sentral-Amerika, nokre på nordaustre Yucatánhalvøya.
- Yucatánkolibri, Amazilia yucatanensis, Buff-bellied hummingbird, (Cabot, S, 1845), (LC)
- Hekkar og overvintrar på Yucatánhalvøya og mot golfkysten av Mexico, delar av populasjonen overvintrar nordvestover i sørvestlege USA.
- Rusthalekolibri, Amazilia tzacatl, Rufous-tailed hummingbird, (de la Llave, 1833), (LC)
- Lever frå Mexico gjennom Sentral-Amerika og i vestre delar av Colombia og Ecuador.
- Honduraskolibri, Amazilia luciae, Honduran emerald, (Lawrence, 1868), (VU)
- Finst sparsamt i Honduras.
- Mangrovekolibri, Amazilia boucardi, Mangrove hummingbird, (Mulsant, 1877), (EN)
- Finst i mangrovar på stillehavskysten av Costa Rica.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Luther, D. (2020). Mangrove Hummingbird (Amazilia boucardi), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.manhum1.01 (Informasjonspanel)
- ↑ Lesson, René P.; Garnot, Prosper (1827). Voyage autour du monde : exécuté par ordre du roi, sur la corvette de Sa Majesté, la Coquille, pendant les années 1822, 1823, 1824, et 1825 (på fransk). 1, Livre 4. Plate 31, Fig 3. Om publiseringsdato: Dickinson, E.C.; Overstreet, L.K.; Dowsett, R.J.; Bruce, M.D. (2011). Priority! The Dating of Scientific Names in Ornithology: a Directory to the literature and its reviewers. Northampton, UK: Aves Press. s. 122–123. ISBN 978-0-9568611-1-5.
- ↑ McGuire, J.; Witt, C.; Remsen, J.V.; Corl, A.; Rabosky, D.; Altshuler, D.; Dudley, R. (2014). «Molecular phylogenetics and the diversification of hummingbirds». Current Biology 24 (8): 910–916. PMID 24704078. doi:10.1016/j.cub.2014.03.016.
- ↑ Stiles, F.G.; Remsen, J.V. Jr.; Mcguire, J.A. (2017). «The generic classification of the Trochilini (Aves: Trochilidae): Reconciling taxonomy with phylogeny». Zootaxa 4353 (3): 401–424. PMID 29245495. doi:10.11646/zootaxa.4353.3.1.
- ↑ Winkler, D. W., S. M. Billerman, and I. J. Lovette (2020). Hummingbirds (Trochilidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.trochi1.01
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023.
- ↑ «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Amazilia hos Artsdatabanken
- (en) Amazilia i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Amazilia hos ITIS
- (en) Amazilia hos NCBI
- (en) Kategori:Amazilia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Amazilia – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Amazilia – detaljert informasjon på Wikispecies