Altunasteinen
Altunasteinen, eller Runinskrift U 1161 i det svenske registeret over runeinnskrifter, er ein bilet- og runestein som står utanfor Altuna kyrka i Enköpings kommun i Uppland. På Altunasteinen er fleire mytologiske motiv innrista. Mellom anna finst det på den eine smalsida eit motiv som har vorte tolka som den heide guden Tor i ferd med å freista å fiske Midgardsormen opp av havet, slik Snorre Sturlason har skildra i Den yngre Edda.
Runeinnskrifta
[endre | endre wikiteksten]Innskrifta i runer er omsett slik til moderne svensk: «Vifast. Folkad(?). Gunnar(?) lät resa stenen efter sin far Holmfast och sin bror Arnfast. Far och son blev bägge innebrända. Och Balle och Frösten, Livstens följeslagare ristade.»
Plasseringa av steinen
[endre | endre wikiteksten]Steinen står ikkje på den opphavlege staden. Han vart funnen av K.A. Karlinder i 1918, og låg då innmura og overkalka i grunnmuren til eit gravkapell i Altuna kyrka. Karlinder sytte for at steinen vart teke ut og plassert utanfor kyrkja, der han framleis står. Materialet i steinen er granitt.