Hopp til innhald

All Time Low

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
All Time Low

Aktiv2003–
Sjangerpop-pønk, poprock, modern rock
PlateselskapFueled by Ramen, Emerald Moon Records

All Time Low er ei amerikansk rockegruppe[1] frå Towson i Maryland, skipa i 2003. Gruppa består av hovudvokalist/rytmegitarist Alex Gaskarth, hovudgitarist Jack Barakat, bassist/backingvokalist Zack Merrick og trommeslagar Rian Dawson og tok namnet sitt frå teksten i songen «Head on Collision» av New Found Glory.[2][3] Dei har konsekvent gjort årelange turnear, har leidd ei rekke turnear og har delteke på musikkfestivalar inkludert Warped Tour, Reading and Leeds og Soundwave.

All Time Low starta som gruppe då medlemmene gjekk på vidaregåande og gav ut sin debut-EP, The Three Words to Remember in Dealing with the End EP i 2004 gjennom det lokale selskapet Emerald Moon. Sidan då har gruppa gjeve ut åtte studioalbum: The Party Scene (2005), So Wrong, It's Right (2007), Nothing Personal (2009), Dirty Work (2011), Don't Panic (2012), Future Hearts (2015), Last Young Renegade (2017) og Wake Up, Sunshine (2020). Dei gav ut sitt første live-album, Straight to DVD i 2010, og sitt andre live-album, Straight to DVD II: Past, Present and Future Hearts i 2016.

  1. «All Time Low > Biography». AllMusic. Henta 24. juni 2009. 
  2. «Top 40 All Time Low Biography». The New York Times Company. About.com. Arkivert frå originalen 6. april 2015. Henta 7. juli 2009. 
  3. «2008 - Recoil Mag: All Time Low Interview with Alex Gaskarth Suspended». atlsource.net. Arkivert frå originalen 21. januar 2009. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]