Ali Bongo
Ali Bongo | |||
| |||
Fødd | 9. februar 1959 (65 år) Brazzaville | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Gabon | ||
Yrke | diplomat, politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Université Panthéon-Sorbonne | ||
Mor | Patience Dabany | ||
Far | Omar Bongo | ||
Ektefelle | Sylvia Bongo Ondimba, Inge Lynn Collins Bongo | ||
Barn | Noureddin Bongo Valentin | ||
Alle verv |
Ali Bongo Ondimba (fødd 9. februar 1959[1] som Alain Bernard Bongo), også kjend som Ali Bongo og Ali Ben Bongo,[2] er ein gabonsk politikar som var den tredje presidenten av Gabon frå 2009 til 2023.[3][4] Han er medlem av Det demokratiske partiet i Gabon (Parti démocratique gabonais, PD-G).
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Ali Bongo er son av Omar Bongo, som var president av Gabon frå 1967 til han døydde i 2009. Under presidentskapet til faren var han utanriksminister frå 1989 til 1991, representerte Bongoville (ein by oppkalla etter Omar Bongo) som representant i nasjonalforsamlinga (Underhuset i Det gabonske parlamentet) frå 1991 til 1999 og var forsvarsminister frå 1999 til 2009. Etter at faren døydde vann han det gabonske presidentvalet i 2009.[5] Han blei gjenvald i 2016 i eit val som var prega av mange uregelmessigheiter, arrestasjonar, menneskerettskrenkingar og protestar og vald etter valet.[6][7]
Den 30. august 2023, etter resultatet av det gabonske parlamentsvalet 2023, fordreiv militæret han frå presidentposten ved eit statskupp og oppretta ein junta. Kuppmakarane meinte at valet ikkje var transparent eller rettferdig, og sette Bongo i husarrest.[8]
Brice Oligui, ein slektning av Bongo og militær kommandant, blei seinare innsett som mellombels president av juntaen.[9] Ei veke etter kuppet godkjende Oligui at Bongo skulle setjast fri av medisinske grunnar, og sa han var fri til å forlata landet for å få behandling.[10] Bongo flytta til den private bustaden sin i Libreville.[11]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Ali Bongo blei fødd i Brazzaville[1] som son av Albert-Bernard Bongo (seinare Omar Bongo Ondimba) og songaren Josephine Kama (seinare Patience Dabany) og gjeven namnet Alain Bernard Bongo. Bongo konverterte til islam i 1973, og bytta då namn til Ali.[12]
Bongo blei utdanna ved ein privatskole i Neuilly i Frankrike, og studerte deretter juss ved Sorbonne.[13] I 2018 fekk han ein æresdoktorgrad i juss frå Wuhan universitet i Kina.[14]
Bongo arva ein pasjon for musikk frå mor si.[12] I 1977 gav han ut eit funkalbum, A Brand New Man, produsert av Charles Bobbit som var manageren til James Brown.[13][12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 "Bongo Ali", Gabon: Les hommes de pouvoir, nummer 4, Africa Intelligence, 5. mars 2002
- ↑ «Ali Ben Bongo, Monsieur Fils». Le Monde.fr (på fransk). 17. juni 2009. Henta 30. oktober 2023.
- ↑ "Gabon military officers declare coup after Ali Bongo wins disputed election". The Guardian, Hentet 30. august 2023.
- ↑ Gabon army claims overthrow of 56-year-old political dynasty after election. Washington Post. Henta 30. august 2023.
- ↑ "Bongo's son to be Gabon candidate in August poll", AFP, 16. juli 2009.
- ↑ "Unrest as dictator's son declared winner in Gabon", Associated Press, 3. september 2009.
- ↑ «Country Reports on Human Rights Practices for 2016». Henta 11. juli 2017.
- ↑ Line Gjerlev (30. august 2023), Militæret i Gabon: Vi har sat præsidenten i husarrest, DR, henta 30. august 2023
- ↑ «Qui est Brice Clotaire Oligui Nguema, le Général à la tête de la transition gabonaise?». Cameroun Actuel (på fransk). 30. august 2023. Arkivert frå originalen 30. august 2023. Henta 30. august 2023.
- ↑ «Gabon's military says ex-president Ali Bongo 'free' to travel abroad». Al Jazeera (på engelsk). 7. september 2023. Henta 7. september 2023.
- ↑ «Gabon coup: Can Gen Ngeuma usher in a new era?» (på engelsk). BBC. 14. september 2023. Henta 14. september 2023.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 Coup d'Etat au Gabon : Qui est Ali Bongo, président déchu du Gabon ? (på fransk), BBC News, 30. august 2023, henta 30. august 2023
- ↑ 13,0 13,1 "Who is Ali Bongo, president of Gabon?", BBC News, 7. januar 2019
- ↑ "Honorary Doctorate of Law awarded to Ali Bongo Ondimba, President of the Gabonese Republic by Wuhan University", Wuhan Universitet, 14. september 2022
- Denne artikkelen bygger på «Ali Bongo» frå Wikipedia på dansk, den 11. januar 2024.