Alfred Neuland
Alfred Neuland | |
![]() | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Estland, Sovjetunionen |
Fødd | 10. oktober 1895 Walk |
Død |
16. november 1966 (71 år) |
Yrke | vektløfter, trenar |
Språk | estisk |
Høgd | 166 centimeter |
Alfred Neuland på Commons |
Alfred Neuland (10. oktober 1895–16. november 1966) var ein estisk vektløftar som deltok i dei olympiske leikane i 1920 i Antwerpen og i 1924 i Paris.
Neuland vart olympisk meister i vektløfting under OL 1920 i Antwerpen. Han vann den nest lettaste klassen, lettvekt opp til 67,5 kg. Det var fyrste gongen i OL at løftarane vart delte inn i ulike vektklassar. Det var totalt fem vektklassar under OL i 1920. Han løfta samanlagt 257,5 kilo, 17,5 kg meir enn sølvvinnaren. I vektløftkonkurransen var det tre løft, rykk og støyt med éi hand og støyt med begge hendene. Det var 12 utøvarar frå 10 land i lettvektklassen som vart avvikla 29. august 1920. Fire år seinare, under OL i 1924 i Paris, kom Neuland på andreplass i vektløfting i mellomvekt.
OL-medaljar
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1895
- Døde i 1966
- Estiske vektlyftarar
- Olympiske meistrar for Estland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Estland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1920
- Estiske deltakarar under sommar-OL 1920
- Vektlyftarar under sommar-OL 1920
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1924
- Estiske deltakarar under sommar-OL 1924
- Vektlyftarar under sommar-OL 1924
- Folk frå Valga maakond