Al Wakrah
- Denne artikkelen handlar om byen aust i Qatar. For kommunen som byen ligg i, sjå Al Wakrah kommune.
Al-Wakrah | |||
الوكرة | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
kommune | Al Wakrah kommune | ||
Koordinatar | 25°10′48″N 51°36′36″E / 25.18000°N 51.61000°E | ||
Areal | 66,3 km² | ||
Folketal | 79 457 (2010)[1] | ||
Folketettleik | 1 198 / km² | ||
Tidssone | Austafrikansk tid (UTC+03) | ||
![]() Al Wakrah 25°11′N 51°37′E / 25.18°N 51.61°E | |||
Wikimedia Commons: Al Wakrah |
Al-Wakrah (òg skrive Al Wakra, arabisk skrift الوكرة) er hovudstaden i Al Wakrah kommune i Qatar. Austsida av Al Wakrah ligg ved kysten av Persiabukta. Byen vert styrt av sjeik Abdulrahman bin Jassim Al Thani, og var opphavleg ein liten fiske- og perlelandsby. I løpet av åra har han utvikla seg til ein liten by med meir enn 30 000 innbyggjarar, og vert rekna som ein av dei store byane i Qatar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen var historisk eit senter for perlefiske[2] i åra då den qatarske økonomien var heilt avhengig av perleindustrien.[3] I 1898 var det kring 200 båtar i nærleiken mellom Al Wakrah og Al Bidaa.[4] I 1925 var det 250 båtar her.[5]

Idrett
[endre | endre wikiteksten]Idrettsklubben i Al Wakrah er Al-Wakrah Sports Club, og fotballaget deira spelar på øvste nivå i Qatar. Heimebanen er Al-Wakrah stadion, som kan nyttast til fleire føremål. Kapasiteten er i dag 20 000 tilskodarar, men det er planar om å utvide dette til 43 500 for fotball-VM 2022.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al Wakrah» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «2010 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 23. januar 2017.
- ↑ Schulte-Peever, Andrea; Shearer, Iain (1. september 2013). Oman, UAE & Den arabiske halvøya. Lonely Planet. s. 279. ISBN 1742200095. Henta 31. mars 2017.
- ↑ Fromherz, Allen (28. mai 2016). Qatar: A Modern History. Georgetown University Press. ISBN 978-1-58901-910-2.
- ↑ «'Persiabukta Gazetteer Part II, Geographical and Descriptive Materials, Section II Western Side of the Gulf' [53v] (109/286)». Qatar Digital Library. Henta 24. januar 2017.
- ↑ «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol. II. Geographical and Statistical. J G Lorimer. 1908' [1925] (2052/2084)». Qatar Digital Library. Henta 24. januar 2017.
- ↑ «Qatar: Emir Tamim meetings». gsn-online.com. 27. november 2014. Arkivert frå originalen 14. februar 2016. Henta 24. januar 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]