Al Marjan Island
Al Marjan Island | |||
øy | |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Stad | Ras Al Khaimah | ||
- koordinatar | 25°40′N 55°44′E / 25.667°N 55.733°E | ||
Grunnlagd | 2013 | ||
Al Marjan Island 25°40′19″N 55°44′26″E / 25.67185556°N 55.74068056°E | |||
Kart som viser Al Marjan Island.
| |||
Wikimedia Commons: Al Marjan Island | |||
Nettstad: http://www.almarjanisland.com/ |
Al Marjan Island er ei gruppe på fire korallforma øyar i ei menneskeskapt øygruppe i Ras Al Khaimah i Dei sameinte arabiske emirata i Persiabukta. Ho vert administrert av Al Marjan Island Company.[1] Det ligg fleire feriestader, strender og andre turistmål på dei fire øyane, som er eit av dei fremste turistmåla i Emirata.[2] Området hadde over hundre tusen vitjande i 2014.[3][4][5]
Bygginga av øyane starta i 2013 med ein femårsplan. Øyane husar i dag 45 % av alle 5-stjerners hotellromma i Emirata gjennom Rixos Bab Al Bahr, Hilton og Al Marjan Island Hotel & Spa.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Øygruppa består av Breeze Island, Treasure Island, Dream Island og View Island. Dei strekkjer seg 4,5 km ut i havet og dekkjer eit område på 2,7 km². Breeze Island består av fleire hotell og ein 2000 meter lang promenade langs sjøen.[6] Treasure Island er eit hovudsakleg bustadområde.[7] Dream Island er eit stort strandområde med fleire hotell og klubbar langs breidda.[8] View Island ligg sentralt i øygruppa med bustadområde og underhaldning.[9]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Breeze Island
-
Treasure Island
-
Dream Island
-
View Island
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al Marjan Island» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Karantzavelou, Vicky. «Al Marjan Island gears for strong investment activity in 2015». Travel Daily News. Travel Daily News. Arkivert frå originalen 29. april 2015. Henta 5. juni 2016.
- ↑ Talwar Badam, Ramola. «RAK’s Al Marjan islands to rival Ibiza and Miami». The National. The National. Henta 29 April 2015.
- ↑ Pickles, Kate. «Pictured: World's first man-made island solely devoted to partying to be built in Dubai featuring two 'mega clubs', four beach clubs and 100 restaurants». Daily Mail. Daily Mail. Henta 5. juni 2016.
- ↑ Middleton, Ryan. «UAE Looking to Rival Ibiza, Europa With 24-Hour Party Island». Music Times. Music Times. Henta 5. juni 2016.
- ↑ Rokou, Tatiana. «Al Marjan Island attracted over 100 000 tourists between January and August 2014». Travel Daily News. Travel Daily News. Arkivert frå originalen 29. april 2015. Henta 5. juni 2016.
- ↑ «Breeze Island». Al Marjan Island. Al Marjan Island. Henta 5. juni 2016.
- ↑ «Treasure Island». Al Marjan Island. Al Marjan Island. Arkivert frå originalen 10. mars 2015. Henta 5. juni 2016.
- ↑ «Dream Island». Al Marjan Island. Al Marjan Island. Henta 5. juni 2016.
- ↑ «View Island». Al Marjan Island. Al Marjan Island. Henta 5. juni 2016.