Al-Ghab-sletta
Al-Ghab-sletta | |||
slette | |||
Sahl el Ghab.
| |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hama guvernement, Idlib guvernement | ||
Al-Ghab-sletta 35°35′13″N 36°21′22″E / 35.587°N 36.356°E |
Ghabsletta (arabisk سهل الغاب) er ei frodig slette nordvest i Syria.[1] Dalen vart oversymd i fleire hundreår av vatn frå Orontes, som gjorde sletta til eit sumpområde.[2][3] Ghabprosjektet vart sett i gang i 1950-åra for å drenere dalen og gjere han habitabel og dyrkbar.[4] Dette gav Syria eit område på 41 000 km² med kunstig vatna jordbruksland.[5]
Dalen skil al-Ansariyahfjella i vest frå Zawiyahfjella og platået aust i regionen.[1] Dalen er 63 km lang og 12,1 km brei.[2]
Ghabprosjektet
[endre | endre wikiteksten]Prosjektet starta i 1953 og vert rekna som eit av dei viktigaste hydrologiske prosjekta nord i Syria. På grunn av ei slak helling (0,10 %) i Orontes i området kring Asharnah, gav ikkje elva nok vatn til dei kringliggande områda. Prosjektet drenerte sletta Orontes strøymde over og vart heilt drenert i 1968 og gav 11 000 familiar nytt jordbruksland.[4]
Ghabprosjektet gjorde at store område kunne dyrkast opp og det vart utvikla eit nytt irrigasjonssystem. Systemet omfatta demningar og kanalnettverk for drenering. Store demningar vart bygde i Mhardeh, Zayzun, Qarqur og andre landsbyar. Dammen ved Mhardeh, bygd i 1961, er 40 meter høg og 200 meter lang og held 65 mill. kubikkmeter vatn.[4] Zeyzoundammen, bygd i 1996, var 32 meter høg og heldt 71 mill. kubikkmeter vatn. Han kollapsa i juni 2002 og 22 menneske mista livet og eit 80 kvadratkilometer stort landområde vart fløymd nedanfor demninga.
Andre fordelar med Ghabprosjektet er utbetringar i kommunikasjonssystema gjennom bygging av vegar og jernbane, som tidlegare ikkje var mogeleg på grunn av myrområda. I tillegg vart det langt mindre malaria sidan det var langt mindre stilleståande vatn.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al-Ghab plain» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Federal Research Division (2004), Syria a Country Study, Kessinger Publishing, ISBN 978-1-4191-5022-7
- Sofer, Arnon (1999), Rivers of fire: the conflict over water in the Middle East, Rowman & Littlefield, ISBN 978-0-8476-8511-0
- de Miranda, Adriana (2007), Water architecture in the lands of Syria: the water-wheels, L'ERMA di BRETSCHNEIDER, ISBN 978-88-8265-433-7
- Salman, Salman M. A. (2009), The World Bank Policy for Projects on International Waterways: An Historical and Legal Analysis, World Bank Publications, ISBN 978-0-8213-7953-0