Hopp til innhald

Absam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Absam

Absam er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 51,9 km² og i kring 6 900 ibuarar. Landsbyen ligg 632 meter over havet.

Absam ligg i Unterinntal ved foten av fjellet Zunterkopf Haller, og nord om Hall in Tirol. Til Innsbruck er det om lag 15 kilometer.

Swarovski Optik KG, ein storprodusent av optikk, har hovudkontor og -fabrikk i Absam.