ATB
ATB | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 26. februar 1973 (51 år) Freiberg |
Yrke | DJ, musikkprodusent, komponist |
Språk | tysk |
Nettstad | https://atb-music.com |
ATB på Commons |
André Tanneberger (fødd 26. februar 1973) er ein tysk DJ kjend under artistnamnet ATB.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]André Tanneberger kjem frå Freiberg i Sachsen. Tidleg på 1990-talet var André Tanneberger med i dance-gruppa Sequential One, som hadde stor suksess i Tyskland, men vart oppløyst i 1999. Då hadde Tanneberger allereie starta sitt nye soloprosjekt, ATB. I 1999 gav han ut debutplata Movin' Melodies, der singlane «9pm (Till I Come)» og «Don't Stop» var med.
Etter suksessen med fyrsteplata, har ATB gjeve ut ei rekkje trance- og elektronika-album fram til i dag. Ifylgje DJ Magazine hamna han på 11. plass på lista over verdas beste DJ-ar i 2009. Av seinare populære ATB-singlar kan nemnast «Hold You», «Let U Go» og ein coverversjon av Olive-låta «You're Not Alone».
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Movin' Melodies (1999)
- Two Worlds (2000)
- Dedicated (2002)
- Addicted To Music (2003)
- No Silence (2004)
- Trilogy (2007)
- Future Memories (2009)
- Distant Earth (2011)
- Contact (2014)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «ATB» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2012.