52nd Street av Billy Joel
52nd Street Studioalbum av Billy Joel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. oktober 1978 | |
Innspelt | A&R Recording, Inc., 799 7th Avenue på 52nd Street, New York City; juli og august 1978 | |
Sjanger | Rock, jazzrock | |
Lengd | 40:26 | |
Selskap | Family Productions/Columbia | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
---|---|---|
The Stranger (1977) |
52nd Street | Glass Houses (1980) |
Singlar frå 52nd Street | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | B−[2] |
52nd Street er det sjette studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, utgjeve den 13. oktober 1978. Det vart det første av fire Joel-album som nådde toppen av Billboard-lista og gav han to Grammyprisar (av i alt fire).
Tre songar frå albumet nådde topp 40 i USA, og medverka til at albumet vart ein suksess: «My Life» (#3), «Big Shot» (#14) og «Honesty» (#24).[3] Det fekk god kritikk i musikkpressa og gav Joel Grammyprisen i 1979 for årets album.[4] Denne Grammy-prisen vart gjeven til produsenten, Phil Ramone. Då Ramone døydde fekk Joel prisen attende.
Allmusic hyllar Joel for å ha utvida stilen sin i 1977 på The Stranger, og skildra 52nd Street som «meir sofistikert og noko jazz-aktig.»[5] Jazztrompetisten Freddie Hubbard er til dømes gjest på «Zanzibar». Tittelen på albumet syner til 52nd Street, som var eit av jazzsentera i New York City midt på 1900-talet. Plateselskapet til Joel hadde hovudkvarteret sitt på 52nd Street (i CBS Building) då albumet kom ut. Studioet der 52nd Street vart spelt inn låg på 52nd Street, eit kvartal frå CBS-bygningen.
Den 1. oktober 1982 vart 52nd Street det første albumet som kommersielt vart gjeven ut på CD av Sony Music Entertainment då han vart lagt ut for sal i Japan.[6][7] I 2003 vart albumet rangert på 352. plass og i 2011 på 354. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene..[8]
Songen «Rosalinda's Eyes» var inspirert av mor til Joel, Rosalind Nyman Joel (d. november 2014).[9]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Billy Joel.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Big Shot» | 4:03 |
2. | «Honesty» | 3:56 |
3. | «My Life» | 4:44 |
4. | «Zanzibar» | 5:13 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Stiletto» | 4:42 |
6. | «Rosalinda's Eyes» | 4:41 |
7. | «Half a Mile Away» | 4:08 |
8. | «Until the Night» | 6:35 |
9. | «52nd Street» | 2:27 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Billy Joel – akustisk piano, Yamaha CP70 elektrisk piano, klaverinstrument, synthesizerar, vokal
- Doug Stegmeyer – bass, korvokal
- Liberty DeVitto – trommer
- Richie Cannata – saksofonar, orgel, klarinett
- Steve Khan – elektrisk gitar, akustisk gitar, korvokal
- Freddie Hubbard – flygelhorn og trompet på «Zanzibar»
- Mike Mainieri – vibrafon og marimba på «Zanzibar» og «Rosalinda's Eyes»
- David Spinozza – akustisk gitar på «Honesty»
- Donnie Dacus & Peter Cetera – korvokal på «My Life»
- David Friedman – orkestrering, røyrklokker og perkusjon på «Until the Night»
- Ralph MacDonald – perkusjon på «Rosalinda's Eyes» og «Half a Mile Away»
- Eric Gale – elektrisk gitar på «Half a Mile Away»
- Frank Floyd, Babi Floyd, Zack Sanders, Milt Grayson, & Ray Simpson – korvokal på «Half a Mile Away»
- George Marge – blokkfløyte på «Rosalinda's Eyes»
- Hugh McCracken – nylonstrengsgitar på «Until the Night» og «Rosalinda's Eyes»
- Robert Freedman – horn og strykarorkestrering på «Until the Night» og «Honesty»
- Dave Grusin – hornorkestrering på «Half a Mile Away»
- David Nadien – konstermeister
- Ted Jensen - mastering
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1978–80) | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report Chart[10] | 1 |
Austerrike[11] | 4 |
Canadian RPM Albums Chart[12] | 1 |
Nederland[13] | 33 |
Finland[14] | 28 |
Frankrike [15] | 2 |
Italia[16] | 12 |
Japan[17] | 9 |
New Zealand [18] | 1 |
Noreg[19] | 5 |
Spania[20] | 13 |
Sverige[21] | 18 |
UK Albums Chart [22] | 10 |
U.S. Billboard 200 [23] | 1 |
Vest-Tyskland [24] | 19 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «52nd Street av Billy Joel» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «52nd Street Overview». Allmusic. Henta 1. mai 2011.
- ↑ «Billy Joel Review». Robert Christgau. Henta 1. mai 2011.
- ↑ «allmusic 52nd Street». allmusic.com. Henta 29. august 2014.
- ↑ «Past Winners Search». grammy.com. Henta 29. august 2014.
- ↑ Allmusic review
- ↑ «Rock on! The compact disc turns 30». CNN. Henta 29. august 2014.
- ↑ Milner, Greg (2009). Perfecting Sound Forever: An Aural History of Recorded Music. Macmillan. s. 215. ISBN 0-571-21165-8.
- ↑ «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone Magazine. Henta 29. august 2014.[daud lenkje]
- ↑ «Billy Joel's mother, '78 song's namesake, dies». Tyler Morning Telegraph. Associated Press. 16. juli 2014. s. 7A.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «austriancharts.at Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien (på tysk). Henta 29. august 2014.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 30, No. 21, February 17, 1979». RPM. Henta 29. august 2014.
- ↑ «dutchcharts.nl Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien, dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 12. september 2011.
- ↑ Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972ISBN 978-951-1-21053-5. (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 263.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 10. september 2013. Henta 12. september 2011.
- ↑ «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1979» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 29. august 2014.
- ↑ «- Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) - Albums Chart Daijiten - Billy Joel» (på japansk). 30. desember 2007. Arkivert frå originalen 19. juni 2007. Henta 29. august 2014.
- ↑ «charts.org.nz - Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien, charts.org.nz. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen 21. oktober 2012. Henta 29. august 2014.
- ↑ «norwegiancharts.com Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien, norwegiancharts.com. VG-lista. Henta 29. august 2014.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1. utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ «swedishcharts.com Billy Joel - 52nd Street». Hung Medien, swedishcharts.com (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 29. august 2014.
- ↑ «Chart Stats - Billy Joel - 52nd Street». UK Albums Chart. Henta 19. august 2011.
- ↑ «allmusic ((( 52nd Street > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 29. august 2014.
- ↑ «Album Search: Billy Joel» (på tysk). Media Control. Henta 29. august 2014.
355: Having A Rave Up With The Yardbirds The Yardbirds |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 354 52nd Street Billy Joel |
353: My Beautiful Dark Twisted Fantasy Kanye West |
- Musikkalbum frå 1978
- Billy Joel-album
- Årets album i USA
- Album produserte av Phil Ramone
- Columbia Records-album
- Mobile Fidelity Sound Lab-album
- Engelskspråklege album
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2012
- Nummer-ein-album i Australia
- Nummer-ein-album i Canada
- Nummer-ein-album i New Zealand
- Nummer-ein-album i USA