2 Minutes to Midnight
2 Minutes to Midnight Singel av Iron Maiden frå albumet Powerslave | ||
B-side |
«Rainbow's Gold» (Beckett cover)
| |
---|---|---|
Utgjeve | 6. august 1984 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 6:04 | |
Selskap | EMI | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Martin Birch | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«The Trooper» (1983) |
2 Minutes to Midnight | «Aces High» (1984)
|
«2 Minutes to Midnight» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå det femte studioalbumet deira, Powerslave (1984). Han vart gjeven ut som den tiande singelen til bandet, og den første frå albumet, den 6. august 1984. Singelen nådde 11. plassen på UK Singles Chart i Storbritannia og 25. plassen på Billboard Top Album Tracks.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]«2 Minutes to Midnight» vart skriven av Adrian Smith og Bruce Dickinson.
Songen referer til Dommedagsklokka, ei symbolsk klokke nytta av Bulletin of the Atomic Scientists, som representerer nedtellinga til ein potensiell global katastrofe. I september 1953 nådde klokka to minuttar på midnatt, det nærmaste han nokon gong har vore midnatt, då USA og Sovjetunionen testa hydrogenbomber.[1] I følgje Dickinson kritiserer songen «krigsromantikken», og særleg den kalde krigen.[2]
«Rainbow's Gold»
[endre | endre wikiteksten]Den første B-sida er ein coverversjon av songen «Rainbow's Gold» av det britiske progrockbandet Beckett, som dei gav ut i 1974. Songen var skriven av Terry Slesser og Kenny Mountain.[3]
I følgje Nicko McBrain, som kommenterte singlen i «Listen With Nicko Part VI» (ein del av serien The First Ten Years), var medlemmane i Iron Maiden vener med medlemmar i Beckett.
«Mission From 'Arry»
[endre | endre wikiteksten]Ei anna B-side, kalla «Mission from 'Arry», er ei innspeling av ein krangel mellom bassisten Steve Harris og trommeslagaren Nicko McBrain, som fann stad etter ein konsert i Allentown i Pennsylvania under World Piece-turneen.[2] Under konserten braut bassutstyet til Harris saman, og han bad den nærmaste scenearbeidaren om å be McBrain spele ein lengre solo. Han klarte ikkje å få McBrain til å forstå meldinga og dette gjekk utover soloen hans, slik at han kjefta på scenearbeidaren etterpå.[2] Vokalisten Bruce Dickinson syns krangelen som følgde var så morosam at han valde å ta han opp på lydband.[2][4]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- 7"-singel
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «2 Minutes to Midnight» | Adrian Smith, Bruce Dickinson | 6:04 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Rainbow's Gold» (Beckett cover) | Terry Slesser, Kenny Mountain | 4:57 |
Total lengd: | 11:01 |
- 12"-singel
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «2 Minutes to Midnight» | Smith, Dickinson | 6:04 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Rainbow's Gold» (Beckett-song) | Slesser, Mountain | 4:57 |
2. | «Mission from 'Arry» | Steve Harris, Nicko McBrain | 6:40 |
Total lengd: | 17:41 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Henta frå singel-omslaget.[5][6]
- Iron Maiden
- Bruce Dickinson – solovokal
- Dave Murray – gitar
- Adrian Smith – gitar
- Steve Harris – bassgitar
- Nicko McBrain – trommer
- Produksjon
- Martin Birch – produsent, lydteknikar
- Derek Riggs – illustrasjon
- Ross Halfin – fotografi
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Album |
---|---|---|
1988 | Decameron | Made in Tribute: A Tribute to the Best Band in a Whole Goddamn World |
1999 | Deceased | A Call To Irons Vol. 2 |
2005 | The Iron Maidens | World's Only Female Tribute to Iron Maiden |
2005 | Joe Lynn Turner, Richie Kotzen, Bob Kulick, Tony Franklin, Chris Slade | Numbers From The Beast |
2005 | Primal Fear | A Tribute to the Beast, Vol. 2 |
2008 | Glamour of the Kill | Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden |
2012 | Maiden uniteD | Across The Seventh Sea |
I andre media
[endre | endre wikiteksten]- Songen vart nytta i videospelet Grand Theft Auto: Vice City i 2002 på radiostasjonen V-Rock.
- Songen er spelbar i videospelet Guitar Hero 5, men er kraftig sensurert.
- Han er nedlastbar for videospelet Rock Band.
- «Two Minutes to Midnight» vart tittelen på ein episode i serien Supernatural.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Singel | Liste (1984) | Plassering | Album |
---|---|---|---|
«2 Minutes to Midnight» | Den tyske singellista | 70[7] | Powerslave |
Irish Singles Chart | 10[8] | ||
UK Singles Chart | 11[9] | ||
Singel | Liste (1990) | Plassering | Album |
«2 Minutes to Midnight» / «Aces High» | UK Albums Chart[merk 1] | 11[10] | ��� |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «2 Minutes to Midnight» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Doomsday Clock Timeline». Bulletin of the Atomic Scientists. Arkivert frå originalen 31. mai 2013. Henta 24. august 2016.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Live After Death. [DVD]. EMI. 4 February 2008.
- ↑ «Beckett's 1974 self-titled album». Rateyourmusic.com. Henta 24. august 2016.
- ↑ Noguera, Anthony (May 1992). «B-Side Or Be Dead». Metal Attack «Iron Maiden Special» (London: Rock Team Publishing And Productions Ltd).
- ↑ «2 Minutes to Midnight» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 6 August 1984.
- ↑ «2 Minutes to Midnight» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 6 August 1984.
- ↑ «Single – Iron Maiden, '2 Minutes to Midnight'». Media Control Charts. charts.de. Henta 27. august 2013.
- ↑ «Irish Singles». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 1 October 2011.
- ↑ «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 25 August 1984». Official Charts Company. Henta 27. august 2013.
- ↑ «Top 40 Official UK Albums Archive 31 March 1990». Official Charts Company. Henta 24. august 2016.