216 Kleopatra
Datamodell basert på radarastronomi | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Johann Palisa |
Oppdagingsdato | 10. april 1880 |
Baneskildring | |
Epoke 30. januar 2005 (JD 2453400,5) | |
Aphel | 523,049 mill. km (3,496 AE) |
Perihel | 312,544 mill. km (2,089 AE) |
Eksentrisitet | 0,252 |
Banehelling | 13,136° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 217 · 94 · 81 km |
Masse | ukjend |
ukjend | |
ukjend | |
5,385 t | |
Albedo | 0,116 |
216 Kleopatra er ein hovudbelteasteroide som blei oppdaga av Johann Palisa 10. april 1880 i Pola, Italia. Han er namnsett etter Kleopatra, dronning av Egypt.
Kleopatra har ein av dei mest bisarre utsjånadane i solsystemet. Ved å sende radarsingal som blir reflektert ac asteroiden har ei gruppe forskarar ved radioteleskopet i Arecibo i Puerto Rico greidd å lage ein datamodell av fasongen hans. Da oppdaga dei at han såg ut som bein ein vanlegvis gir til bikkjer. Den beste forklaringa på dette er at det er to omtrent like store asteroidar som har kollidert og «lima» seg saman i staden for å bryte frå kvarandre. Ein tilsvarande asteroide er kanskje 624 Hektor.
Kleopatra er ein relativt stor asteroide, måla er 217 · 94 · 81 km. Samansettinga er typisk M-typeasteroidar, med andre ord så er han metallisk, samansett av nikkel-jern. Han er sett på som eit laust samansett porøst objekt.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Astronomar får fram bilde av eit gigantisk metallisk bikkjegnagebein – NASA-artikkel (engelsk)
- Ein asteroide for bikkjer Arkivert 2004-02-28 ved Wayback Machine. (engelsk)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Database for baneelementa til asteroidane[daud lenkje] (engelsk)
- Forholda rundt oppdagingar av småplanetar (engelsk)
- Ljoskurvedata for asteroidar (engelsk)