Žut
Utsjånad
Žut | |||
øy | |||
Land | Kroatia | ||
---|---|---|---|
Del av | Kornati | ||
Areal | 14,83 km² | ||
Folketal | 4 (2011) | ||
Žut 43°52′00″N 15°19′00″E / 43.866666666667°N 15.316666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Žut |
Žut (italiensk Zut) er ei øy i Adriahavet. Øya tilhøyrer Kroatia og har eit areal på 14,83 km². Den høgaste toppen, Dubavac, når 155 moh. Žut er ikkje folkesett. Ho ligg mellom øyane Pašman og Kornat i skjergarden ved Šibenik. Ho er den nest største øya blant Kornatane.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Žut har ein rugla kyst med mange vikar, og dette gjev øya ei uvanleg lang kystlinje som går opp til 44 km. Nokre av dei større vikane er Podražanj, Papeše, Žešnja, Strunac, Hiljača, Sarušćica, Bizikovica, Pinizel og Bodovac.
Arkitektur og kulturarv
[endre | endre wikiteksten]På øya finst ei småbåthamn og i september 2011 blei Kyrkja til den heilage krosen (Crkva Sv. Križ) innvigd på fjellet Grba. Bygginga av kyrkja blei påbyrja før andre verdskrigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Žut» frå Wikipedia på bokmål, den 19. august 2020.