Hopp til innhald

Île-de-France

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île-de-France
region
Symbol
Land  Frankrike
Departement  • Essonne
 • Hauts-de-Seine
 • Paris
 • Seine-Saint-Denis
 • Seine-et-Marne
 • Val-de-Marne
 • Val-d'Oise
 • Yvelines
Hovudstad Paris
Areal 12 012 km²
Folketal 12 317 279 (1. januar 2021)
Kart
Île-de-France
48°51′08″N 2°19′03″E / 48.8522°N 2.3176°E / 48.8522; 2.3176
Wikimedia Commons: Île-de-France

Île-de-France er ein av regionane i Frankrike og har Paris som største og best kjende by. Området inneheld storbyområdet av hovudstaden Paris, og den folkerikaste i Frankrike med fleire innbyggjarar enn til dømes Belgia og Sverige.

Regionen blei forma av kongedømet som oppstod rundt kapetingarkongane på 900-talet. I det samla franske kongeriket blei han ein provins som markerte den økonomiske interessesona til parisiske kjøpmenn. Grensene endra seg stadig, og blei først fastlagde etter den franske revolusjonen. Den gamle provinsen var større enn dagens region, særleg strekte han seg lengre mot sør og aust.

Etter revolusjonen blei provinsen delt inn i tre departement: Seine, Seine-et-Oise og Seine-et-Marne. I 1945 blei desse tre samla igjen, og gjennom seinare politisk og administrativ desentralisering fekk Île-de-France igjen identitet og makt som minna om den gamle provinsen.

I 1965 auka talet på departement frå tre til dagens åtte. Omstruktureringa va det den energiske parisregionleiaren Paul Delouvrier som stod for. Bakgrunnen var den store makta prefekten av departementet Seine hadde; ho kunne måla seg med den til den franske statsministeren.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Île-de-France